onsdag 24. februar 2010

Stem på den beste minihistorien!

Når du gir stemma di til ein tekst, skal du skrive ein kommentar til dette innlegget der du følgjer denne oppskrifta:

1. Skriv kortforteljinga du stemmer på!

2. Korfor er denne forteljinga best?

Grunngi stemmegivinga di sakleg.Formuler deg på god nynorsk! Det betyr at alle substantiv og verb skal bøyast korrekt, og du må vere sikker på at du ikkje bruker bokmålsord.

mandag 22. februar 2010

OK. Det blei kluss med forrige blogg, sidan eg gløymde å presisere at mini-historiene dykker kun skulle vere på seks ord. Me prøver ein gong til! Innlegget ditt må vere publisert innan onsdag 24.2.

Nytt forslag frå meg: Skotet traff ikkje der ho håpa.

onsdag 10. februar 2010

Det korte er ofte det beste

Denne ideen har eg lånt frå Eskil Berggren, som de kjenner:

Den gongen den store novellisten Ernest Hemingway blei utfordra til å skrive ei historie på seks ord, skreiv han følgjande: For sale: Baby shoes, never worn.

Kva er det som skaper spenninga i den korte historia? Kan du klare noko liknande?

Mitt forslag er: Han smilte og stakk ut augene.

No er det din tur!