Beskriv bileta av Ludvig 14. og Diderot og peik på likskapar og forskjellar. Forklar korfor det eine høyrer heime i barokken og det andre i opplysningstida.
onsdag 17. november 2010
mandag 8. november 2010
"Eg - eit moderne menneske". Vinnarinnlegget
Det beste blogginnlegget er no kåra (av Oanes). Det er Ingrid sitt:
Seksten år gamal, veit alt og har minst like mykje livserfaring som mor mi. Ja, for kven har vel ikkje det etter at dei er konfirmert? Eg kan gjere alt samtidig. Lekser kombinert med høg musikk og Facebook er ikkje noko unormalt for meg. Eg er moderne. Eg er sjølvstendig. Ingen Gud kan nokon gong styre kva EG skal gjere.
Bestemor rista på hovudet da eg sa at konfirmasjonen min skulle vere borgarleg. Ho blei alvorleg skuffa. Ho likte heller ikkje at eg hadde ein kjærast som skrik ”Fuck, I’m shreddin’ with the devil” på scena, har atten hol i øyret og bruker ord som ”faen” og ”satan” i annakvar setning. I mine augo er han heilt normal. Han er akseptert i eit moderne samfunn.
Eg har store ambisjonar for framtida, akkurat sånn som alle andre. Eg skal bli advokat. Eg skal bli rik og ha to barn. Ikkje meir enn to barn.
Eg tenker stakkars bestemor! Ho lever i fortida. I eit førmoderne samfunn. Ho fødde seks barn ein gong i tida. Ho gjorde som foreldra hennar sa, og ho blei heimeverande husmor. Ho lever enno i trua på Gud.
Pøh, den einaste i dette spelet av ei verd som kan flytte mi brikke i mål, det er EG!

søndag 7. november 2010
Eit barokt innlegg
Skriv ein barokk tekst på mellom fire og åtte verselinjer. Det er viktig at du brukar (sterke) verkemiddel frå barokken. Det er ingen krav til enderim. Det beste innlegget vil bli premiert.
mandag 16. august 2010
Di sommarlåt
Kva for ei låt er sommerlåta di? Presenter låta og ei grunngiving for valet av låt i ein kommentar til dette innlegget.
Sjølv synest eg deLillos' Neste sommer er ei god sommarlåt. Her kan du høyre låta med fantastisk flotte bilete - og tysk tekst! http://www.youtube.com/watch?v=K1ctDfrcxpU&feature=related

Frankenstein
Eg reknar med at fleire av dykk har høyrd om Frankenstein. Dei fleste knytt namnet til ein eller fleire filmar. Finn ut kven som skreiv romanen desse filmane byggjer på, og når han kom ut.
Her er eit utdrag frå den klassiske innspelinga fra 1931 med Boris Karloff i rolla som monsteret til doktor Frankenstein:
http://www.youtube.com/watch?v=8H3dFh6GA-A
Oppgåve: Presenter utdraget frå filmen. Kva for tankar gjer du deg rundt handlinga og det du oppfattar som temaet i utdraget? Svar på oppgåva som ein kommentar til dette innlegget. Svaret skal vere på om lag hundre ord og skal skrivast på nynorsk.

onsdag 14. april 2010
Mannen som elsket Yngve
Kva synest du om filmen? Du skal grunngi svaret ditt (som sjølvsagt skal vere på feilfritt nynorsk). Premie til beste innlegg (eg vurderer då både innhald og språk).
onsdag 24. februar 2010
Stem på den beste minihistorien!
Når du gir stemma di til ein tekst, skal du skrive ein kommentar til dette innlegget der du følgjer denne oppskrifta:
1. Skriv kortforteljinga du stemmer på!
2. Korfor er denne forteljinga best?
Grunngi stemmegivinga di sakleg.Formuler deg på god nynorsk! Det betyr at alle substantiv og verb skal bøyast korrekt, og du må vere sikker på at du ikkje bruker bokmålsord.

mandag 22. februar 2010
onsdag 10. februar 2010
Det korte er ofte det beste
Denne ideen har eg lånt frå Eskil Berggren, som de kjenner:
Den gongen den store novellisten Ernest Hemingway blei utfordra til å skrive ei historie på seks ord, skreiv han følgjande: For sale: Baby shoes, never worn.
Kva er det som skaper spenninga i den korte historia? Kan du klare noko liknande?
Mitt forslag er: Han smilte og stakk ut augene.
No er det din tur!

onsdag 27. januar 2010
Kva handlar diktet om?
I veke 5 skal alle lese eit dikt frå læreboka. Skriv ein kort kommentar om det diktet du har fått tildelt og som du skal lese for resten av klassen. Kommenter motiv og tema og forklar kvifor dette er eit interessant dikt. Du skal skrive på nynorsk.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)