onsdag 14. april 2010

Mannen som elsket Yngve

Kva synest du om filmen? Du skal grunngi svaret ditt (som sjølvsagt skal vere på feilfritt nynorsk). Premie til beste innlegg (eg vurderer då både innhald og språk).

25 kommentarer:

  1. Eg likte filmen godt. Han var veldig spennande; heile tida satt eg å venta på kva som skulle skje mellom Yngve og Jarle. Filmen ga eit godt bilete på korleis det var på den tida. Han tok samtidig opp problema for homofile ungdommar, noko som også kan vere aktuelt i dag. Slutten kom ikkje som ei stor bombe, men han var likevel litt overraskande.

    SvarSlett
  2. Eg synast det var ein god film. Han gav eit godt innblikk i kor vanskeleg det er å finne sin identitet i ungdommstida. Jarle blei dratt mellom forskjellige miljøer og det skapte ein god spenning i filmen. Han var også prega av litt humor. Dei siste minuttane synst eg var orginale og ei god avslutning på filmen.

    Tormod Skov-Skov

    SvarSlett
  3. Anonym sa...

    Eg syntast filmen var god. Sjølv om deler av filmen var vanskeleg å forstå. Filmen har ein god oppbygging som fangar seeren med ein gang. Eg likte spesiellt at filmen har humoristiske augeblikk. Filmen viser godt på ein troverdig måte problema til homofile tenåringar.

    Mathias Skjævestad

    SvarSlett
  4. Det var ein god film som eg trur mange kan kjenne seg igjen i. Sjølv om ikkje alle sliter med akkurat den same problemet som Jarle Klepp trur eg mange ungdommar har liknandes problem slik som identitetsproblem. Filmen får oss til å le og er samtidig ein fin kjærleikshistorie.

    - Monica

    SvarSlett
  5. Eg likte filmen godt. Han var interessant og tok opp eit bra og aktuelt tema. Starten var litt spesiell og vanskeleg å forstå, men ettersom historia utvikla seg likte eg den betre. Filmen behaldt spenningsnivået frå begynninga til sluten, og litt humor lyste han opp. Eg blei litt overraska over sluten, sjølv om eg eigentleg viste korleis det kom til å gå.

    Therese Bjerland

    SvarSlett
  6. Eg likte denne filmen, han var spennande og hadde også morosame augeblikk. Filmen viser godt å vanskeleg det er med forelsking of det å vere ung, og viser dei problema Jarle har. Du ser og korleis han blir trekt i to forskjellige retningar, mellom Yngve og mellom Katrine, bandet og venene sine. Det er ei spenning gjennom heile filmen, og eg likte korleis filmen sluttet, litt overraskande, men likevel forventa.

    - June Karina

    SvarSlett
  7. Helene Cecilie Andersen14. april 2010 kl. 22:30

    Eg likte filmen særs godt. Han var spennande, samtidig som han var morosam. Filmen tar opp eit vanskelig problem for mange ungdom, det å tørre å vere seg sjølv, og å følgje sine egne draumar. Derfor blir det veldig lett å kjenne seg igjen i situasjonen. Sluten var som forventa, men med ein uventa vri.

    SvarSlett
  8. Eg likte filmen godt. Den skildrar godt korleis livet for ein tenåring var på den tida, og hinter mot at det fortsatt kan vere ganske likt gjennom anslaget. Jarle merkar at han kanskje ikkje er så nøgd med livet og vennegjengen, og blir stadig meir usikker på seg sjølv. "Drakampen" mellom Yngve og Helge og Katrine skaper ein spenning som ikkje gjer seg før den forutsigbare sluten.

    - Hugo Matthijs Harstad Wallenburg

    SvarSlett
  9. Eg syntes filmen var bra. Fordi den hadde utroleg mye spenning. Hele tida tenkte eg kven kommer han til å velje? Er han verkeleg blitt homofil, eller er han bare veldig forvirra. Også er det problemet med homofili som tas opp og viser korleis homofile hadde det på den tida. Den beste scena var når Jarle kyssa med Ynge.
    Edhem

    SvarSlett
  10. Eg likte filmen. Han var morosam, samtidig som han hadde utruleg gode replikkar (spesielt i begynninga, opningsscena.
    Mange ungdommar slit med å vere seg sjølv og godta kven dei eigentleg er. Homofili er på mange måtar tabubelagt og kan vere vanskeleg å prate om. Karakterane i filmen, mest Jarle Klepp, er vanskeleg å skjønne seg på, og man må heile tida tenkje litt på kvifor han gjer som han gjer. Det likar eg.

    Kaia Jarlsby

    SvarSlett
  11. Eg likte filmen. Han var morosam, samtidig som han hadde utruleg gode replikkar (spesielt i begynninga, opningsscena.
    Mange ungdommar slit med å vere seg sjølv og godta kven dei eigentleg er. Homofili er på mange måtar tabubelagt og kan vere vanskeleg å prate om. Karakterane i filmen, mest Jarle Klepp, er vanskeleg å skjønne seg på, og man må heile tida tenkje litt på kvifor han gjer som han gjer. Det likar eg.

    Kaia Jarlsby

    SvarSlett
  12. Eg synast filmen ”Mannen som elsket Yyngve” var ein bra film. Det er fordi filmen handlar om noe som kan skje i ungdomars liv. Det er ein fin film kor vi får innblikk i korleis ungdommar kan tenkje, og kor vanskeleg det kan vere når ein er forelska i to personar samtidig. Det er også vanskeleg for Jarle når han har mange personar som reknar med han. Filmen har også humoristiske augeblikk som er med på å gjere filmen betre.
    -Ida

    SvarSlett
  13. Eg likte filmen ganske godt. Eg syntes det var ein spennende film med mye "Action" det skjedde ting heile tida. Den var norsk i tilegg som gjorde den utroleg bra, eg følte det var lettare å leve seg inn i filmen på den måten at eg ikkje trang å lese på teksten heile tiden.
    Det at det var ungdommar som var hovud karrakterene i filmen likte eg også bra. Den hadde mykje drama, som også nokon ungdommar har.

    Kristen Andre Hardang

    SvarSlett
  14. Eg synast filmen var ein utroleg bra film. Filmen hadde mange gode eigenskapar som eg likte, spessielt det med at det var ungdommar som spilte i filmen. Det at filmen var Norsk blei bare eit pluss fordi da levde eg meg meir inn i filmen. Det kan godt være at nokon ungdommar får samme problema som "Jarle Klepp" fikk, og det er jo eit bra tema han har valt fordi homofili ikkje er eit tema som er helt akseptabelt enda men vi er vell på god veg.

    - Kristen Andre Hardang

    SvarSlett
  15. Eg likte filmen godt. Den var morosamt og hadde masse humor. Den hadde
    også nokre spenningsøyeblikk der ein lurte på kva som skulle skje mellom
    yngve og Jarle, og kva dei enventuelle konsekvensene blei. Eg likte også at
    de tek opp tema homofili fordi det er ikkje så mange andre filmer som gjør
    det på ein slik måte, og det gjør det til ein litt annen vri. Eg syns slutten er
    ganske kul då fordi Jarle har ein slags "flashback" der ein ser på kva som
    skjedde tidligere. Å det er virker som eit tegn på at han starter på nytt med
    blanke ark.
    - Skjalg

    SvarSlett
  16. Eg likar denne filmen veldig godt. Den har mykje humor og eit viktig bodskap. Det å vere ung og homo kan ikkje vere lett, og det å ikkje heilt vite kven man er og kor man vil er heller ikkje lett. Dette er noko som mange opplever gjennom ungdomstida, og det er nokon som heller ikkje klarer seg gjennom denne perioden og gjer som Yngve nesten gjorde. Hopper frå brua.
    Måten dette temaet er tatt opp gjer at man får sjå alvora samtidig som det er ein film som er morosam. Og det at den er på norsk og på dialekt gjer den enda meir morosam.

    Line Kamilla

    SvarSlett
  17. Eg tykkjer filmen var veldig god. Det er fordi han viser på ein god måte kor vanskelig det kan vere å vere annleis. Det var også ei god spenning heile filmen gjennom, som gjekk ut på korleis det gjekk med Jarle og Yngve. Eg likte også humoren i filmen, og det var fleire av scenane eg tykte var morosame.

    Ådne

    SvarSlett
  18. Eg likte filmen godt. Han tek opp viktige tema. Han viser på ein utruleg god måte kor vanskeleg det kan vere å vere ungdom. Det er i denne tida at ein prøver å finne ut kven ein er, og det er jo ingen sjølvfølgje at ein er "som alle dei andre." Dette er berre eit av tilfella kor filmen viser ting som kan vere vanskelege hos ungdommar. Filmen er ein oppmuntrar til dei som har funne ut kven dei eigentleg er, men som ikkje heilt tør å stå for det. (Ikkje naudsynt berre for dei som har funne ut at dei er homofile, men det kan vere andre ting som kan vere vanskeleg å stå fram med)
    Eg synast òg at filmen var spennande. Eg satt alltid og venta på kva som kom til å skje, spesielt mellom Yngve og Jarle. Det einaste som var litt dumt, var at eg på ein måte heilt i frå byrjinga visste at Yngve og Jarle kom til å ende opp saman, i og med at tittelen på filmen er "Mannen som elsket Yngve."
    Ein god film!

    Annie Karoline Olafsrud

    SvarSlett
  19. Eg likte filmen godt. Han tek opp viktige tema. Han viser på ein utruleg god måte kor vanskeleg det kan vere å vere ungdom. Det er i denne tida at ein prøver å finne ut kven ein er, og det er jo ingen sjølvfølgje at ein er "som alle dei andre." Dette er berre eit av tilfella kor filmen viser ting som kan vere vanskelege hos ungdommar. Filmen er ein oppmuntrar til dei som har funne ut kven dei eigentleg er, men som ikkje heilt tør å stå for det. (Ikkje naudsynt berre for dei som har funne ut at dei er homofile, men det kan vere andre ting som kan vere vanskeleg å stå fram med)
    Eg synest òg at filmen var spennande. Eg satt alltid og venta på kva som kom til å skje, spesielt mellom Yngve og Jarle. Det einaste som var litt dumt, var at eg på ein måte heilt i frå byrjinga visste at Yngve og Jarle kom til å ende opp saman, i og med at tittelen på filmen er "Mannen som elsket Yngve."
    Ein god film!

    Annie Karoline Olafsrud

    SvarSlett
  20. Eg likte filmen godt. Han viser korleis nokon ungdommar kan ha det når dei veks opp. Filmen har mykje god bruk av musikk som skapar ein veldig fin stemning gjennom heile handlinga. Sjølve handlinga i filmen er variert; den kan vere veldig god og gjennomtenkt, til noko som er nokså merkelig og underlig. Som for eksempel då Yngve spør Jarle om han skla ha saft (i slutten av filmen), bruker han uvanleg lang tid mellom "Skal du ha noge..." Her går det 5-6 sekunder utan hending før Yngve seier igjen: "Saft?". Dette syns eg er unødvendig fordi eg blir heilt satt ut av handlinga, og det støyter imot heile flyten i scena. Men det fins jo ikkje særleg mange scenar med slikt tøys.
    Dessuten likte eg korleis filmen vart filma. Han hadde liksom ein spesiell fargetone, og ein fikk med seg alt som skjedde i filmen. Det var liksom ikkje noko som vart utelukka på grunn av dårleg filming.
    Figurane i filmen har alle sine eigne særskilde kjenneteikn. For eksempel har ein Helge Ombo som er kledt i svart tøy og høyrer på punk rock. Han er heilt klar på sine eigne meininger om kva enn det skal vere. Nesten på motsett side har vi Yngve med ein litt meir "rein og forsiktig" klesstil. Yngve høyrer på synthesizer pop, som er ganske roleg og funderande.

    Dette er dei største grunnane til at eg synast at "Mannen som elsket Yngve" er ein god film.

    -Leif

    SvarSlett
  21. Eg har litt blanda meiningar om filmen. Han får frem tema homofili, kjærleik og identitet på ein god måte. Hovudpersonens trong til å gjere opprør mot samfunnet, utforske dop og alkohol og finne sin eigen identitet er noko eg trur mange ungdommar i dag kan kjenne seg igjen i.
    Skodespelarane gjer ein god jobb for at eg skal tru på karakterane, men likevel føler eg at nokon av dialogane er litt kunstige og lite truverdige, som for eksempel når Jarle snakkar med mora og faren. Det er lite ytre spenning i filmen, det meste av spenninga er etter min meining knytte til korleis Jarle forandrar seg gjennom filmen. Dette gjer filmen litt kjedelig å sjå på og eg synest det var litt vanskelig å konsentrere seg om han.
    For kvar gang ein diskuterer og samtalar om filmen, oppdagar eg stadig nye ting ved personane og filmen, noe som gjer filmen betre og betre. Likevel er han er ofte føreseieleg og eg synest han var vanskelig å følje med på fordi eg følte mykje av handlinga gjentok seg sjølv.

    - Andrea Søhagen

    SvarSlett
  22. Eg synes filmen var bra, men på eit vis kjedeleg. Filmen tek opp eit viktig tema for ungdomar, og handlar om korleis ein skal framstille seg sjølv som den ein er. I filmen klarar dei å vise kor vanskeleg det er for Jarle og vise for dei andre at han er homofil. Dette klarar dei å vise på ein bra og morosam måte. Men sjølv om dei tek fram eit viktig emne synes eg det vert vanskeleg å følgje med i lengda. Derfor nådde ikkje filmen heilt på topp hos meg.

    SvarSlett
  23. Eg likte filmen veldig godt. Den viste korleis det er å leve på sluten av 80 talet og korleis det er å vere ungdom. Den var spennande og morosam. Karakterane hadde personlegdom og fekk meg til å le. Eg sat heile tida og venta på kva som ville skje med Yngve og Jarle, og lurte på korleis Jarle skulle komme seg ut av alt. Jarle har mange problem å sjølv om man kanskje ikkje er i same situasjon som Jarle så er problema filmen tar opp problem ungdom også går gjennom den dag i dag.

    -Andrea H. K

    SvarSlett
  24. Det eg likte med filmen var at Jarle var veldig åpen for nye ting. Etter kvart klarte han også å fortel Yngve kva han følte for han. Han virke også veldig usikkar på seg sjølv. Som om han ikkje klarar å bestemme seg for kva han skal gjer.
    Sjølv om det eigentlig er ein positiv ting, så likte eg ikkje at vi heile tida satt å venta på noe nytt, det gjorde at eg ikkje blei overraska når noko skjedd.



    -Malin

    SvarSlett
  25. Eg likte filmen litt, fordi han viste litt om kor vanske det er å seie at ein liker ein av same kjønn. Filmen viser også litt av kor lett det er å gjere det same som andre når man er usikker.

    - Kjetil

    SvarSlett