Beskriv bileta av Ludvig 14. og Diderot og peik på likskapar og forskjellar. Forklar korfor det eine høyrer heime i barokken og det andre i opplysningstida.
onsdag 17. november 2010
mandag 8. november 2010
"Eg - eit moderne menneske". Vinnarinnlegget
Det beste blogginnlegget er no kåra (av Oanes). Det er Ingrid sitt:
Seksten år gamal, veit alt og har minst like mykje livserfaring som mor mi. Ja, for kven har vel ikkje det etter at dei er konfirmert? Eg kan gjere alt samtidig. Lekser kombinert med høg musikk og Facebook er ikkje noko unormalt for meg. Eg er moderne. Eg er sjølvstendig. Ingen Gud kan nokon gong styre kva EG skal gjere.
Bestemor rista på hovudet da eg sa at konfirmasjonen min skulle vere borgarleg. Ho blei alvorleg skuffa. Ho likte heller ikkje at eg hadde ein kjærast som skrik ”Fuck, I’m shreddin’ with the devil” på scena, har atten hol i øyret og bruker ord som ”faen” og ”satan” i annakvar setning. I mine augo er han heilt normal. Han er akseptert i eit moderne samfunn.
Eg har store ambisjonar for framtida, akkurat sånn som alle andre. Eg skal bli advokat. Eg skal bli rik og ha to barn. Ikkje meir enn to barn.
Eg tenker stakkars bestemor! Ho lever i fortida. I eit førmoderne samfunn. Ho fødde seks barn ein gong i tida. Ho gjorde som foreldra hennar sa, og ho blei heimeverande husmor. Ho lever enno i trua på Gud.
Pøh, den einaste i dette spelet av ei verd som kan flytte mi brikke i mål, det er EG!

søndag 7. november 2010
Eit barokt innlegg
Skriv ein barokk tekst på mellom fire og åtte verselinjer. Det er viktig at du brukar (sterke) verkemiddel frå barokken. Det er ingen krav til enderim. Det beste innlegget vil bli premiert.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)