Eg har lese bloggkommentarane dykkar med interesse. Språkleg er det ei glede å registrere mykje betre nynorsk - BRA!
Så slår det meg at skulen sitt fokus på politisk korrekte middelklasseverdiar har gjort sitt: Her er mange gode analysar, og Therese si analytiske tilnærming har eg sans for når ho seier at Eit forbrukarsamfunn er eit samfunn eller kultur der det å handle og forbruke i stor grad er sosialt motivert og der produkta er eit signal på identitet. For det er vel identitet dette handlar om? I dykkar eige generelle blikk på forbrukskulturen er de akkurat slik me (skulen) vil ha dykk: Passeleg kritiske, men likevel balanserte. Eg har sans for Simon når han trekk inn Hans Rotmo sin songtekst "Gårsdagens mote ligger i søppelposer". Simon meiner denne passar perfekt til det moderne samfunnet: Ein kjøper noko, brukar det, for så å kaste det når noko nytt kjem. Har ein det nyaste, er ein kul. Simon meiner det moderne forbrukarsamfunnet ikkje er ein bra ting. Alt for mykje kapital fer frå lomma til mannen i gata og inn på konto hos dei store selskapa.
Men når me spør dykk om kva de meiner om dykkar eige forbruk, får pipa ein annan lyd - no er det den lukkelege forbrukar som står fram! Og eg må jo seie at eg synest Leif er herleg politisk ukorrekt (sjølv om eg er ueinig i omtrent alt han skriv), når han seier at Sjølvsagt er eg lykkeleg med meg sjølv som ein forbrukar. Eg ser ikkje kva som er galt med ein person utifrå korleis han (ynskjer) å vise seg sjølv. At han berre brukar nye/moderne merkevarer viser ein side med han som han (forhåpentlegvis) er opptatt med. Han prøvar å vere moderne, og også vise at han følgjer med i tida. Dette er ein side han tar alvorleg, ikkje berre vil han bruke dei «riktige» kleda, men også ha dei nyaste tinga. Det styrer kanskje hans liv, og vil ha verknad på fritida hans. Men eg trur han likevel ikkje er ein trist og ulykkeleg person. Han må vel gjere det fordi han har lyst, og at han trivast med det?
Og så får eg tru på demokratiet når dykk er så samstemte om at vald ikkje er vegen å gå for å overtyde nokon om ei viktig sak. June er vel representativ for dykk når ho seier at For å nå målet så må vi nå ut til folket og få dei til å tru på saka. For å vinne tilliten og få støtte frå folket, så meiner eg at vi må høyre på kva folket har å seie, ta omsyn til deira ønskjer og respektere dei. Ein solid demokrat der, altså. Leif, på si side, gir full gass, og denne gong tar han ein "George W. Bush" og postulerer: Det er oss som er samfunnet, bli med eller forsvinn!
Eirik er litt i slekt med Tyler Durden: Problemet med dagens samfunn er nemleg at folk ikkje tenkjer sjølv. Folk lar seg styre av samfunnet. Folk treng ein som kan få dei på rett spor, ein som kan hjelpe dei i riktig retning. Og den noen kunne vore meg, og eg hadde derfor sett det heilt nødvendig å overtale alle for ein kvar pris om at mi sak var rett.
Eg synest de er blitt flinkare både til å meine og til å formulere det de meiner! Ein god bloggkommentar er eit halvt essay; det skal vere lov å prøve seg her på bloggen. Køyr på vidare!
onsdag 19. oktober 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar