onsdag 17. november 2010

Barokk og opplysningstid - ein samanlikning av to bilete


Beskriv bileta av Ludvig 14. og Diderot og peik på likskapar og forskjellar. Forklar korfor det eine høyrer heime i barokken og det andre i opplysningstida. 

26 kommentarer:

  1. 3dh3m

    Bilet av Diderot er veldig enkelt og elegant, men bildet av Ludvig 14 er preget av pomp og pakt. Det er store kontraster av fargene og dydde i bildet. Ut ifrå dette kan vi komme til ein konklusjon at Ludvig 14 bilde er frå barokken og Diderot er frå barokken.
    Bilde av Ludvig 14 er eit nærbilde. Vi ser Ludvig i eit side perspektiv. Kleda han har på seg er prega av masse utsmykking og forskjellige fargar. De er ment for å fange oppmerksomheita til dei som ser på dei. Diderots kler er derimot ikkje så fengande. Diderot er i eit halvnært utsnitt. Bakgrunnen er tom.

    SvarSlett
  2. Bilete av Denis Diderot framstillar ein mann med relativt enkle klede med lite utsmykking. Overgangane mellom fargane er flytande, og det er lite kontrastar. Denis Diderot har eit lite smil om munnen, og ser eigentleg blid ut. Ein ser liksom eit lite glimt i auga. Han avbildast når han arbeidar med papir; ein kvardagsleg situasjon. Til motsetjing framstillast Ludvig 14. som ein meir autoritær person, og han ser ikkje spesielt blid ut. Han sit på trona si. Bilete har sterke kontrastar. Kleda hans er voldsamt utsmykka med alt ein kan tenkje seg.

    På denne måten kan ein sjå skilnaden mellom bileta. Bilete av Ludvig 14. er overlessa, og klare kontrastar dominerer bilete. Bilete av Denis Diderot er mindre utsmykka, og har glidande overgangar. Likevel framstillast han som ein elegant person. Slik kan ein seie at bilete av Ludvig 14. høyrer til barokken, mens bilete av Denis Diderot høyrer til opplysningstida.

    SvarSlett
  3. På bildet av Ludvig 14., så ser vi han sitte i en stol med armen lent over et bord. Ludvigs klær er veldig utsmykket. Han har i tillegg et hjernkors på brystet, og sitter med et septer i hånda. Bordbeinet er også utsmykket som et ansikt. Alt dette, sammen med den kraftige fargebruken, gjør bildet veldig pompøst. Ludvig 14. sitter også noe mer elegant, enn hva Diderot gjør.
    Bildet av Diderot er ser vi en mann som sitter og skriver. Mannen har på seg en grå jakke, noe som gjør at han blender litt inn med veggen bak som også er grå. Han ser litt forbi maleren, slik at han sitter litt i profil, og dette gjør at Diderots ansikt blir delvis skyggelagt. Bildet er i motsetning til bildet av Ludvig 14., veldig enkelt.

    SvarSlett
  4. Jeg klarte jo selvfølgelig å skrive på bokmål.

    På biletet av Ludvig 14., så ser vi han sitje i ein stol med armen lena over eit bord. Ludvigs klede er veldig utsmykka. Han har i tillegg ein jernkross på brystet, og sit med eit septer i handa. Bordbeinet er også utsmykka som eit ansikt. Alt dette, saman med den kraftige fargebruken, gjer biletet veldig pompøst. Ludvig 14. sit også noko meir elegant, enn kva Diderot gjer.
    Biletet av Diderot er ser vi ein mann som sit og skriv. Mannen har på seg ei grå jakke, noko som gjer at han blendar litt inn med veggen bak som også er grå. Han ser litt forbi målaren, slik at han sit litt i profil, og dette gjer at Diderots ansikt blir delvis skuggelagd. Biletet er i motsetning til biletet av Ludvig 14., veldig enkelt.

    SvarSlett
  5. Hei! Eg er ein sytten år gammal gut, og har tenkt meg å analysere disse to bileta.

    Det øverste bilete (biletet av Diderot) kan ein sjå ein mann som skriv på eit papir. Dette er nok ein vanleg situasjon for Diderot. I motsetnad til Ludvg 14. har ikkje Diderot nokon fargesprakande bakgrunn. Han har berre ein grå vegg. I tillegg er kleda til Diderot ikkje full av broderingar og glitter, men veldig enkelt og simpelt tøy. Og disse trekka er veldig typisk den enkle stilen i opplysningstida.

    Det som plasserar biletet av Ludvig 14. i barokken, er jo sjølvsagt dei overpynta detaljane og alle kontrastane. For eksempel fargane i biletet. Eit eksempel på detaljane kjem frem i bordbeinets form, eit hovud, og dei mange andre utskorne linjene i bordbeinet. Alt er liksom så stas og praktfullt.

    Men disse to bileta har noko til felles. Både Ludvig 14. og Diderot har noko i venstre handa si som kan knyttes opp til det dei driver med i kvardagen. Så dei er begge måla i ein "kvardagssituasjon" (eg tvilar på at dei ser ut nøyaktig som på biletet i ein kvardagssituasjon). Ein anna ting dei har til felles er at det er fokus på personen. Sjølvsagt sidan begge er eit protrettbilde, men er "dog" ein detalj å merka seg.

    Takk for meg :D

    SvarSlett
  6. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  7. I bilete av Diderot sit Diderot ved ein pult eller eit bord og skriv. Diderot har på seg ein grå eller blålig skjorte med ein kvit skjorte under det. Diderot sit å ser på noko som skjer utanfor bilete. Bilete har rolige fargar og ikkje så mykje detaljer.

    Når vi ser på bilete av Ludvig 14. ser vi at han sit i ein stor stol og lene seg litt på eit bord på sida. Han hold eit septer i den eine handa. Han har masse klede på seg i forskjellige farger. Han har til og med også på seg ein stor sort parykk.

    Det som er likt med begge bileta er at fokus ligg på personane i bilete. Bilete av Diderot så er det ikkje noko mykje utsmykkingar i bakgrunnen eller rundt han. I bilete har Ludvig 14. sit han i noko som ser ut som ein gullbelagt stol. Han har på seg stor klede i fargar som lyser opp.

    SvarSlett
  8. Ludvig den 4 er eit typisk bilete frå barokken. Her er det veldig mykje detaljer, og utsmykkingar. Noe som det er veldig mykje av i barokken.
    Diderot er eit bilete frå Opplysningstida. Det vi ser mest med dette biletet er lyset. Det som blir lagt mest vekt på i eit bilete i opplysningstida, blir ofte veldig opplyst. Denne ganga er det mannen i bilete. Det er også eit enkelt preg over biletet. Det ligg enkle manus, og klesdrakta er veldig enkel.
    Likskapar i bileta er at hendene har ganske lik stilling, og korleis blikket og hovudet er plassert i bilete er like. Men ulikheitane er at bilde av Ludvig 4. er det mykje meir detaljer, og det er eit mørkare bilde enn Diderot. Begge biletene er også personen i sentrum

    Håkon Østerberg

    SvarSlett
  9. Biletet av Ludvig 14. viser ein mann som er rik og mektig. Dette framstillast ved at han har ein stor parykk og overdådige kler, han er malt som ein pompøs og rik maktperson. Bakgrunnen er fargerik og han sitter i ein gullstol. Vi ser dei typiske barokke trekka, overdriving og utsmykkingar.

    Biletet av Denis Diderot viser ein enklare mann. Han har inga parykk og er kledd i simplare kler, som er typisk for den rokokkoske malestilen i opplysningstida. Skikkelsen han si er bada i lys, spesielt hovudet. Dette framstiller eit fokus på fornuft, noko ein var svært oppteken av på denne tida. Lyset skinner ikkje frå ein stad over han, men ser ut til å komme frå same nivå som mannen sjølv. På denne måten ser vi at han er ein verdslig mann, og at det ikkje er eit fokus på noko guddommeleg.

    SvarSlett
  10. Bilete av Diderot er veldig enkelt utan mye detaljar. Han er veldig enkelt kledd. Dette var typisk for den rokokkoske malestilen i opplysningstida. Bilete av Ludvig 14 er det stikk motsette, her er alt veldig pynta. Bordets bein er utforma som fjes og Ludvig sitt hår er satt opp. Rommet er også utsmykka. Felles for begge bileta er at personane er i fokus. I bilete av Ludvig 14 ser vi dei typiske barokktrekka som er utsmykkingar og overdriving. Bilete av Diderot er frå opplysningstida fordi det er veldig enkelt og fokus på individet.

    SvarSlett
  11. Desse to bileta viser tydelig forskjellane mellom barokken og opplysningstida. Vi ser først og fremst på kleda at Ludvig 14 er ein mann frå barokken. Kleda har mye glitter, broderingar og mønster. Diderot derimot, har en enklare stil med rette linjer. Han sitt og skriv, mens han ser ut med eitt lurt blikk. Kanskje har han oppdaga noe lurt? Ein anna ting som er ulikt mellom dei to bileta er bakgrunnen. På biletet av Diderot sitt han på eit kontor med ein grå bakgrunn, mens på biletet av Ludvig sitt han på ein kongelig stol, med ein fargerik bakgrunn. Det finnes også noen likskapar mellom bileta. Både i biletet av Diderot og Ludvig sitt dei nede og ser avslappa ut, og det er personane som er i fokus. Ludvig er ein typisk mann frå barokken. Biletet hans er preget av utsmykkingar og pompøse klede, mens Diderot er ein mann frå opplysningstida.

    SvarSlett
  12. Bilete av Diderot er eit typisk bilete frå opplysningstida, det viser ein mann med eit enkelt utsjåande, eit rent og nakent ansikt, utan skjegg eller bart. Dette bilete er også fylt av lys, Spesielt i ansiktet hans, som viser oss eit tankefullt vesen, i motsetning til bilete av Ludvig 14. Dette bilete er mørkt, og personen på bilete ser ut til å ha mykje makt. Dette er eit typisk bilete med barokktrekk, det er fylt av overdådige stoffar og farger. Bilete av Diderot er altså eit lyst og enkelt bilete, mens bilete av Ludvig 14. er eit overdådig bilete, ganske mørkt, med mange sterke farger.

    Line

    SvarSlett
  13. Biletet av Diderot er enkelt, uten så mykje utsmykninger som i biletet av Ludwig 14. Diderot-biletet er truleg fra opplysningstida, fordi det er ein mann som skriv. Han er enkelt kledd, noe som var typisk for rokokko-stilen i opplysningstida.

    Biletet av Ludwig 14. er derimot overdrevent utsmykka. Han har diamanter over hele seg, og sit på ei trone av gull. Bakgrunnen er silke som henger opp etter veggen. Alt dette er typisk for barokken.

    Det som er likt i begge bilete er at dei visar ein person, som sit avslappa i ein stol. Begge er store mennesje, men det visas på forskjellige måtar. I Diderot-bilete visas det ved at lyset samles rundt han, og i Ludwig-bilete blir det vist ved all utsmykkinga han har.

    - Kjetil

    SvarSlett
  14. Maleriet av Diderot er veldig enkelt og det er lite utsmykking. Det er lite kontraster i bilete, for eksempel er tøyet enkelt og i lyse farger og fokuset i bilete er på andletet til Diderot. I maleriet av Ludvig 14 er det mye meir fargar og tøyet hans er veldig overdådig og det er mye detaljer. Han har ein stor parykk som ein legg mye merke til, og det er ein del fokus på all utsmykkinga, som for eksempel finnes i tøyet og stolen han sitter på ol.
    Det er noen likskapar mellom bileta, som at begge sit i ein stol og fokuset er på personane. Bilete av Diderot høyrer heime i opplysningstida fordi det er enkelt, i forhold til bilete av Ludvig 14 som da er veldig utsmykka og overdådig, det høyrer heime i barokken.

    - June

    SvarSlett
  15. Louise- Michel van Loo, ”Denis Diderot”

    Biletet er veldig lyst og enkelt. Mannen, eller forfattaren, på bilete oser av positivitet og energi. Forfattaren oppfattast nesten som moderne, ved at han verken har parykk eller skjegg, som er eit kjenneteikn på barokken. Mannen ser veldig enkel ut, ansiktet er rent og nakent. Dette bilete høyrer heime i opplysningstida fordi lyset fokuserer på hovudet, som er sentrum for tankene.

    Ludvig 14

    Biletet er av ein mann med mykje makt, det ser vi ved at mannen har en stor parykk, noe som var eit symbol på makt i pompøse portretter av maktpersonar. Klesdrakta hans har mykje utsmykkingar, og det er ein overdriven stil i forhold til biletet ”Denis Diderot” som er veldig enkelt. Dette er grunnen til at dette høyrer heime i barokken, det er mye utsmykkingar, overdriving og kontraster.

    Therese

    SvarSlett
  16. Biletet av Louise – Michel van Loo, ”Denis Dieterot”, viser ein enkel og naturleg stil, som er typisk for opplysningstida. ”Ludvig 14” er eit bilete med mykje utsmykkingar og mannen på biletet ser ut til å ha mykje makt på grunn av hans detaljerte kler og parykken hans. Dette er eit typisk trekk for barokken.

    ”Denis Dieterot” viser ein meir enkel eleganse, og stemninga i bilete uttrykkjar meir glede enn ”Ludvig 14”. Mannen på biletet smilar og fargane er lyse. Stemninga i ”Ludvig 14” er meir dystar. Mannen på bilete er alvorleg og smilar ikkje, og fargane i bilete er mørke. Eit anna viktig virkemiddel på bileta er lyset. På biletet frå opplysningstida ser mannen på biletet mot lyset, noko som skapar ein glad stemning, mens mannen på biletet frå barokken ser bort ifrå lyset. Dermed blir stemninga meir dyster og alvorleg.

    - Monica

    SvarSlett
  17. Biletet av Diderot er eit typisk bilete frå Barokken. Det er svært enkelt med lite detaljar. Fjeset er reint og nakent utan nokon spesielle detaljar. Bildet består av mykje lys og det er spesielt fokus på hovudet, altså fornufta. Biletet har ein matt farge som gjør at det er lite kontrastar.

    Biletet av Ludvig den 14. som er frå opplysningstida, er ganske forskjelleg frå biletet av Diderot. Her er det mykje utsmykkingar og detaljar. Kleda består av mykje utsmykkingar og heile biletet er ganske overdrive. Her brukast det fleire forskjellige fargar, som gjør at det blir kontrastar mellom fargar.

    SvarSlett
  18. Bileta er frå to forskjellige tidsepokar. Biletet til Louise- Michel van loo viser Denis Diderot sitjande ved ein pult og skriv tekstar. Han fremstillas som ein opplyst ein, i motsetning til biletet av Ludvig 14. han ser ikkje ut til å ha noka høg status. Ludvig den 14. fremstillas som ein mann av høgrang med vellet sitt utsmykka tøy og flotte hår.
    Fargane i Luise sitt bilete er nøytrale, utan nokre sterke fargar. Dette er typisk for opplysningstida. Enkel eleganse. Biletet av Ludvig 14. er fullt av sprengane fargar og framhevar kledene hans.

    SvarSlett
  19. I opplysningstida skulle ein demonstrere enkel eleganse. Mens ein i barokken skulle ha store utsmykkingar. Bilete av Diderot er frå opplysningstida, han er enkelt kledd og sterkt belyst. Lyset gjer at han oser av energi. Han har ikkje parykk og skjegg, noko som viser at dette bilete ikkje er i frå barokken. Ein likskap mellom bileta er at begge skal demonstrere maktpersonar, men på kvar sin måte. Bilete av Ludvig 14 er glamorøst og oser av pomp og prakt. Ludvig har ein stor parykk og rikelig med klede, noko som var typisk for barokken.

    SvarSlett
  20. ooooh shit, det var mathias

    SvarSlett
  21. Samanlikning av eit bilete frå barokken og eit bilete frå opplysningstida

    Dette bilete er typisk for opplysningstida. Mannen ser svært oppegåande ut, samstundes som han er prega av sinnsro. Han har ikkje mange bekymringar. Måten kunstnaren har belyst hans andlet visar at han er ein sjølvstendig mann med eit godt innblikk på livet. Det fins ingen snirklete eller oppsiktsvekkande mønstre, berre eit reint og skarpt bilete. Mannen ser sjølvstendig og opplyst ut, som er typisk for opplysningstida.
    Biletet frå barokken er annleis. Her kan ein sjå ein tilstelt mann, pynta frå topp til tå. Dei rette formane er no bytta ut med masse detaljar, utsmykkingar og forvridde detaljar.
    Kaia

    SvarSlett
  22. På bilete av Ludvig 14. ser vi at han sittar i ein stor trestol. Han er påkledd eit blå og gull farget antrekk. Ved sida Ludvig er det eit bord.
    På bilete av Diderot ser vi at han sittar i ein stol. Han er ikledd eit blått og kvit antrekk, og skriv på eit bord.
    Ein av forskjellane på bileta er at det på bilete av Ludvig 14. er mye utsmykking, dette ser vi på kleda, bordet og stolen. På bilete av Diderot er han lettkledd og møbla er enkle. Utsmykking er eit typisk verkemiddel i barokken. I opplysningstida skulle det være enkel eleganse.

    Ein annen forskjell på bileta er at det på bilete av Ludvig 14. er store kontraster i bruken av farger. I bilete av Diderot er fargene meir like. Kontraster er eit typisk verkemiddel i barokken.

    Ein tredje forskjell er at på bilete av Diderot er personen opplyst, noe som er typisk for opplysningstida.
    Utifrå detta trur eg at bilete av Ludvig 14. er frå barokken. Dette fordi det er eit bilete med store kontraster og mye utsmykking. Eg trur bilete av Diderot er frå opplysningstida ettersom det er eit enkelt bilete, med ein opplyst person.

    SvarSlett
  23. Biletet av Diderot er veldig enkelt, og har veldig lite utsmykking i form av overdådig tøy og liknande. Overgangane mellom fargane er veldig flytande og jamne, noe som fører til lite kontraster. I tillegg er har malaren fokusert på andletet til Diderot når han malte, og alt av overflødige ting er flyttet ut i kanten av biletet. Når ein ser biletet av Diderot er det eigentlig ganske behageleg å sjå på. Den som er blitt portrettert sitter med eit lite smil, og ser ut til å være ganske fornøgd med livet.
    Biletet av Ludvig 14. er derimot fullt av kontraster, som håret hans mot teppet bakom han. Han har også på seg veldig mykje overdådige ting. Han sit i ei trone, og har eit veldig kunstig uttrykk. Tøyet er i mange forskjellige sterke farger, og alt i alt gjer dette at eg ikkje får ein god følelse av å sjå på biletet.
    Med dette vil eg seie at biletet av Diderot er mykje enklare enn biletet av Ludvig 14. Du ser også at i biletet av Diderot er alle unødvendige ting flytta ut i kanten av biletet, mens i biletet av Ludvig 14. er mange detaljar flytta inn på personen som blir portrettert. Det er dermed eit meir behagelig bilete å sjå på.

    SvarSlett
  24. Det fyste ein legg merke til er skilnadane i utsmykking. Diderot har på seg ein enkel grå jakke med kvit skjorte under. Fargane er mjuke og nøytrale. På bilete av Ludvig kan me sjå flotte mønstre på tøyet hans. Det er brukt kontrastar og harde kantar. Bordbeina i bilete er pynta med ein skulptur. Skilnaden i fokus på mennesket kan sjåast på blant anna håret til personane. Ludvig har ein flott parykk på seg. Han skal framstilles som mektig. Mykje av dette er typisk for barokken. På bilete av Diderot er mennesket i fokus. Det er et lys på handa som skriver og hovudet hans. Dette viser oss at bilete er frå opplysningstida.

    SvarSlett
  25. På bilte av Dieterot sagt han på ein stol.
    På bilte av Ludvig 14 er det også ein mann på ein stol.
    Begge to har noko i den eine handa. Dette er likheiter som eg ser med fyrsteaugekast.
    Begge biletene har litt mørke dystre farger.
    Biletet av Dieterot er veldig enkelt og klesdrakta er veldig simpel i forhold til det bilete av Ludvig 14 som er veldig utsmykka.
    Biletet av Ludvig 14 høyrer heime i Barokken fordi der er alt veldig utsmykka og det er eit av kjennetekna til barokken.
    Biletet av Dieterot hører til i opplysningstida fordi han har blitt opplyst av sin tid.
    -Kristen Andre Hardang

    SvarSlett
  26. Bilete av Diderot er enkelt og ”folkeleg”. Diderot sit og skriv, skjorta hans er oppkneppa og han har ingen parykk, dette gjer at han ser avslappa og uformell ut. I motsetnad til bilete av Ludvig den fjortande er det mykje meir lys i det av Diderot. Ludvig derimot sit på ei trone med flotte utsmykkingar, dekorasjonar og Ludvig sjølv har ei majestetisk påklednad, med mykje broderingar og overdådige innslag av gull og sølv. Han sit rak i ryggen og ser rett mot malaren. Diderot sit lit framandbøygd og skriv, mens han ser litt til sida, som om det er noko meir interessant som forgår i bakgrunnen.
    Bilete av Diderot er enklare, meir lys og Diderot sjølv utstrålar ikkje autoritet. Difor kan me seie at dette bilete stammar frå opplysningstida
    Bilete av Ludvig den fjortande er overdådig, imponerande og utstrålar makt og autoritet, difor kan me seie at det stammar frå barokken

    - Lasse

    SvarSlett