Skriv ein song (sjølvsagt på upåklageleg nynorsk) der temaet er kjærleik. Du avgjer sjølv kor mange strofer og verselinjer du vil ha med. La deg inspirere av songen "Fly me to the Moon".
Klassen skal kåre den beste songen, og premien blir sjølvsagt eit geléhjarta!
lørdag 1. januar 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Det forsvinn med snoen
SvarSlettDet forsvinn med snoen
Men snoen lyser opp alt
Sjølv den mørkaste vinternatt
Gjer sjølv den gråaste dagen lysare
Og får dei solfylte dagane til å glitre og skinne
Den blendar og sjølve lufta blir frisk og klar igjen
Snoen kan òg lett forsvinne
Han smelter med ein gong du tar tak i han
Skal du behalde han
Meir enn eit par sekund
må du vere varsam
Langt utanfor rekkjevidd enn eit par sekund
Men du kan føle han
Føler verkelig han er der når han er i handa di
Eg veit at snoen kjem tilbake
Tilbake etter ein varm og herleg sumar
Du er snoen min
Umogleg
SvarSlettEin sein sommarkveld såg eg deg
med eitt var eg trollbunden
Ditt hår kruste i vinden
ein engel i natta
Ein tilvere utan din nærleik
plutseleg så ubetydeleg
Kvart sekund utan deg
tortur
Ein vegg stor og massiv
umogleg å trenge igjennom
Våpen til ingen nytte
Umogleg å trengje igjennom
Bortkastet tid
SvarSlettDrømmen er over, ingen som kan ta skylda.
Vi trudde på roser, men bare tornane er igjen.
Når eg ser tilbake, ser eg det vi lagde og øydela.
Vi gikk opp trappen for å hoppe ut i mørket.
(Ref)
Vi går hele vegen, trenger vi den smerte,
Ved å vakne i en mørk morgondag.
Eg har vært der før, var alt bortkastet igjen?
Vi går hele vegen, trenger vi den smerte,
Ved å vakne i en mørk morgondag.
Eg har vært der før, var alt bare bortkastet tid?
Kanskje er eg litt galen, kanskje er jeg bare dum.
Og eg undrar om det er verdt det,
Å finne en ny deg.
Og eg ser i spegelen for å sjå kordan eg ser ut.
Som en møll til flamme, suger smerta seg inn i meg.
(Ref)
- Kjetil
Til eg kollapser
SvarSlettAlle verdas fuglar syng om min lengsel
Sitt eg i fengsel?
Eg er trollbunde av månen
Kom til meg
Kor skal eg finne ein som deg på dette sted
Nokon gonger følar ein seg trøtt og svak
Når ein følar seg svak, vil ein gjerne gjeve opp
Men du må søke inni deg
Du må finne din indre styrke
Så må ein berre dra den ut og få motivasjonen
Til å ikkje gi opp
Og ikkje vere ein unnasluntrar
Uansett kor hard du ønskjer å falle på fjeset
Og kollapse
Solskinsskatt
SvarSlettMin levande Gud
Ein stråle i mørket
Lyser opp min natt
Til ein solskinsskatt
Mitt auge vil til evig stire
På ditt blendande ynde
Som lyser opp min natt
Til ein solskinsskatt
Min skatt
Min skatt
Ein solskinsskatt
Eg skal finne deg
Kvar er du?
Mine bein utslitne
For den innsats du gjev meg
Kvar er min solskinsskatt
Som lyser opp min natt
Min skatt
Min skatt
Ein solskinsskatt
Eg må finne deg
Kvar er du?
Tre ord
SvarSlettEg er aldri nærme nok til å kysse deg
Eg er aldri langt nok borte til ikkje å sakne deg
Kvifor kan du ikkje sjå på meg lenger
Eg gjorde vel aldri anna enn å elske deg?
Kjærleiken vår vart som ein blomstrande rose
Og som alle roser gjer, så visna vi sakte men sikkert
Du vart månen på himmelen min
Eit lys i mitt mørke
Eg veit ikkje kva eg gjorde gale
Du berre så på meg, sa tre ord og gjekk
Berre tre ord, men ikkje dei tre eg ville høre
”Det er over”
Eg saknar deg meir enn du kan tenke deg
Men eg er den du aldri ser lengre
Den du ikkje snakkar til
Den du ikkje tenkjer på
Men eg elskar deg framleis
Line
Du gjer meg så svimmel
SvarSlettDu gjer meg så svevande
Når eg ser deg blir eg til
Når eg ser deg blir eg levande
Du gjer meg så ør
Som ein sommarfugl i storm
Du gjer meg så drømmande
Og kjensla tar form
Eg ser deg alltid
Sjølv når eg ser bort
Eg veit kor du er
Eg veit når jakka di er sort
Eg følgjer alltid med
Sjølv når eg ikkje ser
Sjølv når eg ikkje smiler
Veit eg at du er der
Du gjer meg så fjern
Du får hovudet mitt til å skye over
Når eg ser deg blir eg stum
Og for snart er det over
Du gjer meg så fortapt
Som ei lilje i vintervind
Du gjer meg så fri
Som eit hus utan grind
Eg ser deg alltid
Sjølv når eg ser bort
Eg veit kor du er
Eg veit når jakka di er sort
Eg følgjer alltid med
Sjølv når eg ikkje ser
Sjølv når eg ikkje smiler
Veit eg at du er der
Min Stjerne
SvarSlettMin kjærleik til deg er så vakker og brei
Du liker meg, og eg liker deg..
Eg møtte deg i ein fei, og plutseleg var eg lei
Men eg innsåg at du var vegen å gå.
Du var lys i mørke, dine auge var som stjerner.
Dine auge er som stjerner
Vår kjærleik skal vare heilt til døden skild oss,
og da må eg slåss
For eg greier meg ikkje utan deg.
For eg er ikkje lei, for eg greier meg ikkje utan deg
For du er så inderleg grei!
For du er så prefekt, som ein konfekt.
Du er så perfekt min vakre kjærleik.
Min vakre kjærleik.
Håkon Østerberg
Eg skulle ønske eg kunne vær hos deg,
SvarSlettfor det er det du forten,
du ofrar så mykje av livet ditt,
for at dette skal funger.
Mens eg jaktar på drømmane mine,
seglar verda rundt,
du skal vite at eg er din uansett,
Jenta mi.
Når du grin ein del av hjerte mit dør,
fordi eg veit eg kanskje er grunnen,
viss du drok for å vær hos nokon andre,
trur eg at eg ville blitt heilt knust.
Men du ber ikkje om nokon diamant ring,
noko store perle smykkar,
det er derfor eg skreiv denne songen til deg
Jenta mi.
Eg elskar deg
SvarSlettEg elskar din nærleik
Eg elskar din kjærleik
Du er så flott
Du og din fantastiske kropp
Stygg eller vakker
Kanskje min neste makkar?
Om du er gammal og grå
Eg liker deg så
Din kropp og ditt sinn
Eg går i spinn
Å herregud som eg elskar deg
Eg ser deg gå
Og eg lengtar så
Etter ditt vakre hår
Og alt eg får
Frå deg
Til meg
Står det svart på kvitt
Og med det var det gitt
Og det eg veit
Med sikkerheit
Er at vi to skal møtes igjen
Min gode kjære venn
Å herregud som eg elskar deg
Det varde i noen månader,
SvarSlettplutseleg blei det slutt
Eg veit ikkje kva som hende,
plutseleg var det ikkje meir
Nå går eg her aleine,
Med tårer på mitt kinn
Undrande på grunnen,
Kvifor, kvifor
Kvifor blei det slik?
Eg saknar deg
Eg saknar deg
Min kjære, bli min igjen
Eg elskar deg
Meir enn du veit
- Eg elskar deg
- June Karina
Blant alle stjernene på himmelen
SvarSlettså klare og strålande
Du, den eg lengtar etter
Den venaste av dei alle
Stjerna er så nær
Men likevel så langt der borte
Korleis kan eg nå deg
Når eg ikkje tør ta det første steget
Eg vil så gjerna springa
Men beina mine lystrar ikkje
Hjartet seier syng
Men hovudet seier om kva då
Så ser eg deg igjen
Lik eit lys i mørke natta
Lyset skinn på min fornuft
Og denne gongen er det hjartet som skal styre
-Lasse Georg
(Melodi: nuthin’ but a G thang)
SvarSlettEin, to, tre og til det fjerde.
Lucky C og Cracka G spyttar meir skit enn du kan bere!
Fuck Kjelland og Lie. Det er vi som er dei svære!
Bjørnson laga songen som alle måtte lære
dette gjeld også du min søte, snille kjære.
Denne teksten dedikeres til di ære
med draumen om at vi ein dag saman skal få vere.
Det er ikkje noko anna enn kjerleik!
du hjelper meg opp når eg er veik
(plateskravlaren tar heilt av med beaten)
du er så uendeleg vakker!
kjærleiken er som dei brattaste bakkar!
eg bråkar i timane, og du kallar meg ein rakkar!
Atle, ver så snill og ta meg til din makkeren
-Mathias Skjævestad
Kvar gong eg ser deg er det som min kropp kjem til kort
SvarSlettså mykje å si, så mykje som skulle vore sagt
kvifor går ingenting som planlagt?
Du skulle berre vist korleis eg verkeleg er
så full av godheit og så inderleg kjær.
Med ei krone for kvar gong eg tenkjer på deg
hadde det ikkje blitt meir enn ein ussel mynt
du stråler konstant i mine tankar
som solen bak dei største tåkebankar.
mitt liv med deg har just begynt
for deg er eg kanskje berre meg
men du er så inderleg mykje meir enn det for meg.
Roser er raude, fioler er blå
SvarSlettpoteter er vakre og det er du og.
Roser er skjønne og lukter utruleg,
men hvis eg får en rose
går eg min veg
Roser er flotte, de blafrar i vinden,
poteten ligg i jorda
og vekser
Den vekser seg stor
som min kjærleik for deg
den veks seg større for kvar dag som går
eg bryr meg ikkje om korleis du ser ut
så lenge du elskar meg
har eg glede i år
Ein potet ser ikkje bra ut på utsida,
den varar evig, sparkast ikkje av tida.
Roser er raude, fioler er blå,
som poteta varer evig,
varar vår kjærleik heilt
til me er grå.
Eit augekast på deg
SvarSlettDine fine former
Hjertet mitt begynner å riste
Det virke som om det stormar
Ditt lysebrune hår
Dine matchande auga
Eg vil ha deg
Men vil du ha meg?
Vårt første kyss
Dine første ord
Tankane mine går i kryss
Er dette riktig med andre ord
Du vil ha meg
Men vil eg ha deg?
Ikke vær redd
SvarSlettJeg står alltid bak
Ta hånden min
Jeg holder tak
Slipper ikke
Jeg liker deg
For den du er
La meg løfte deg.
Når livet faller
Da holder jeg deg oppe
Ja, for jeg elsker deg
for akkurat den du er
Det er ingen andre.
Ingenting jeg vil forandre.
Du betyr alt for meg
Kaia
Romeo og Julie
SvarSlettVår kjærleik den er forboden
Men den vil aldri ta slutt
Vi står saman i tykt og tynt
Gjennom liv og død
Gjennom glede og nød
Du er alt for meg
Eg er alt for deg
Men det er ikkje alltid nok
Eg vil venta på deg hele mitt liv
Eg vil venta på deg i evig tid
Sjølv om eg innerst inne veit
At det aldri vil kunne hende
Kan eg ikkje slutte å håpe
Eg vil ikkje sleppe deg nå
Eg vil ikkje la deg gå
Therese
Ingen har sagt at livet er lett
SvarSlettSå når mørket tar over
Når eg ikkje lenger kan finne veia
Det er da eg ser på deg
Du får meg til å sveve
Sveve langt over skyene
Kvar sola alltid skinner
Du får meg til å leve
Føle sorg og glede
Du gjør at mørket forsvinner
Slik stjernene høyrer til hos månen
Høyrar eg til hos deg
Saman med deg i måneskinn
Vil eg leve
Du får meg til å sveve...
- Monica
Blå blå var dine øygnar
SvarSlettFalt, eg falt for deg
Kjærleik, kven trodde eg skulle oppleve det
Kjærleik, kven trodde eg skulle oppleve det
Engler er vakre men du, du er vakrare
Gud kan ikkje dele oss, et atom er kva vi er
Små men udelelig, og vi er saman for evig!
edhem
Kjerleik!
SvarSlettNår dag blir til natt
og måneskinet treffer deg
ser eg deg
ein vakker skapning
gå aldri i frå meg
Du er alt eg tenkjer på
Du er alt for meg
Du er alt for meg!
Når alt er svart
Er du mitt lys
Når alt er håplaust
Er du mitt håp
Eg lengtar etter deg
Du er alt for meg
Du er alt for meg!
Til siste stund
Du er alt for meg!
- Kristen Andre Hardang
Hjartet mitt roper etter deg
SvarSlettEg er øydelagt og einsam
aleine og ulukkeleg på ein aude veg
livet er med eitt blitt keisamt
Då eg så deg kveikna ein eld
Og blodet brusa til det yttarste ledd
Vi skulle halde saman til siste kveld
Og tanken på å miste deg gjorde meg redd
Eg elskar deg
Du elskar ikkje meg
Jeg er Karem veldig glad for at jeg har blitt helbredet av (HERPES SIMPLEX VIRUS 2) med urtemedisinen til DR. AKHIGBE HERBAL CENTER, jeg har lidd av denne sykdommen de siste fire årene uten løsning før jeg kom over denne e-posten (drrealakhigbe@gmail.com) på internett av en urte-lege som har kurert så mange mennesker av herpesvirus med urte medisin, jeg velger også å gi ham en sjanse til å hjelpe meg, han fortalte meg hva jeg skal gjøre, og jeg gjorde det bra, og han sendte meg sin urtemedisin via Dhl-kurertjenester, og instruerer meg på hvordan jeg bruker det, følger jeg også hans instruksjon for bruk og han ber meg om å sjekke etter tre uker, og som jeg gjorde, til min største overraskelse, kom resultatet mitt ut som negativt, jeg er veldig glad for at det er noen som denne DR. AKHIGBE HERBAL CENTRE som er klar til å hjelpe folk når som helst en dag. til alle leserne og seerne som tviler på dette vitnesbyrdet, slutter å tvile på det og ta kontakt med denne DR. AKHIGBE HERBAL CENTER og se om han faktisk ikke vil hjelpe deg. Jeg er ikke en dum person som jeg vil komme ut til offentligheten og begynne å si hva noen ikke har gjort for meg. Han er virkelig en flott mann, han også helbrede sykdommer leve HIV, kreft, som, herpes, kronisk sykdom, diabetiker, hjertesykdom, astma, epilepsi. etc kontakt ham nå. med sin epost: (drrealakhigbe@gmail.com) eller du kan kontakte ham +2348142454860
SvarSlettnettside. https: drrealakhigbe.weebly.com