Eg er ein nordmann. Eg er fødd og oppvaksen i Noreg, snakkar norsk og kan til og med uttale kj-lyden riktig. Eg gjeng i norsk skule og har berre norske vennar(nesten). Eg har blå auge og naturleg blondt hår(farga brunt). Spør du meg om eg har det fint svarar eg ikkje: «si» eller «oui» eller «yes». Eg svarar «ja».
Mamma, pappa og heile resten av familien min er norske. Vi spiser ribbe på julaftan og opnar gåver etterpå. Vi spiser is på 17. mai, vi gjeng i tog og kjøper heliumballongar. Vi reiser på fjellet og gjeng på ski i påskeferien. Kva er vel meir norskt enn det?
Når eg er ute og gjeng i gatene i byen vert eg ikkje engsteleg. Eg trur ikkje at noen vil slå meg ned. Eg trur ikkje at noen vil forsøke å stjele veska mi eller stikke meg med kniv. Eg har det heilt trygt kor enn eg går. Eg er norsk.
Eg treng ikkje bekymre meg for krig. Eg treng ikkje vere redd for at eg skal bli forfulgt på grunn av trua mi. Eg treng ikkje frykte for livet mitt. Eg bur i eit land med fred og demokrati. Eg får gratis pleie om eg vert syk og eg vil verte tatt hand om når eg vert gammel. Eg vil kunne fullføre utdanninga mi utan problem og flytte inn i eit kvitt hus med mann og 1,98 barn. Eg kan ta det heilt med ro. Eg er norsk.
Av Kristine Brekke


Eg synes dette blogginnlegget var bra, det er personlig og du kjem med eksemplar som er heilt dagligdagse, men som likevel er typisk norsk. Du veit kva synspunktet ditt er heilt i frå begynninga, du er norsk, og forklarer dette med mange bra eksemplar. Alle forklaringane satt saman, får deg til å virke veldig norsk, og du treffer dei som leser det, og folk (vertfall dei som er nordmenn) kjenner seg igjen.
SvarSlett- June
eg likte oppgåven din siden du bruker humor. syns det var ein bra besvarelse. du får frem mange kjennetekn på det å vere norsk som ein vanligvis ikkje tenker øver.
SvarSlettGrunnen til at eg valde dette blogginnlegget er fordi eg synes det tok for seg temaet ”eg- ein nordmann” på ein god måte samtidig som det hadde eit personlig preg over seg. Det som eg likte svært godt med denne teksten var at det innehaldt mye av verkemidlane frå kåserisjangeren, som humor og sarkasme samtidig som han var diskuterande og innehaldt litt fakta. En annen ting som var bra var at det var blitt brukt gode eksemplar frå kvardagen (som i alle fall dei som er nordmenn) kan kjenne seg igjen i.
SvarSlettForfattaren bruker den norske stereotypen for å vise kva som er norsk. Ho viser til kva "alle" nordmenn gjer: gå på fjellet, feire jul og 17. mai. I teksten bruker ho overdrivinger og ironi. Ho setter spørsmål ved kva som er norsk. Kva er det som eigentleg definerer ein nordmann?
SvarSlettForfattaren får meg til å fundere over meg sjøl og min identitet. Etter at eg har lest teksten, sit eg igjen med fleire spørsmål. Derfor vil eg seie at dette er ein veldig god tekst.
Eg tykkjer at blogginnlegget ditt er det beste fordi eg har den heilt same oppfatninga. Nynorsken din er svært god og du svarar godt på oppgåva. Ved å vise til eksemplar vi alle kan kjenne oss igjen i, blir innlegget treffande for dei fleste. Eg tykkjer også godt om at du nemner fakta som det om barna.
SvarSlettAlt i alt – Heilt topp.
Eg likte dette innlegget. Ho skriv på ein enkel og morosam måte, og då blir det gøy å lese. Skrivemåten hennar er utruleg bra fordi ho skriv korte og konkrete setningar. Dessutan får ho fram poenget sitt på en smart måte. Ho kjem med nokre småvittige kommentarar som gjør teksten levande og gøy.
SvarSlettEg likte best: "Spør du meg om eg har det fint svarar eg ikkje: «si» eller «oui» eller «yes». Eg svarar «ja»."
Kristine fekk også fram poenget hennar ved å leggje til eit billete av det norske flagget vaiande i vinden.
Kaia
Eg synes dette var eit bra blogginnlegg. Du skriver veldig mykje om korleis det er i Noreg, og kva som forbindas med Noreg. Det blir litt mykje oppramsing, og ikkje så mykje filosofering rundt temaet.
SvarSlett- Kjetil
Eg synst blogginnleggget var bra, fordi ho nemner mange faktorar i teksten som eg forbinder med det norske.
SvarSlettHo kommer med gode argumenter om sin norske identitet.
Ho vekkjer følelsen av å vere norsk, til live.
Språket er lett og oversiktlig.
Gjentaking av "Eg er norsk" ga teksten "det lille ekstra".