Eg ventar på bussen. Ved sida av meg står ein farga gut. Håret hans er mørkt, og auga hans er sjokoladebrune. Dei stirar intenst på meg, eg stirar tilbake. Når bussen kjem, er han nesten tom. I løpet av bussturen blir det folksamt. Bak meg sit to folk som ser ut til å vere frå Sør-Korea. Ein vietnamesar sit ved sida av meg. Midt i bussen står ein god gjeng som snakkar eit språk eg ikkje har høyrt før. Er eg verkeleg i Noreg?
Folka på bussen kan umogleg kallast nordmenn. Ok, kanskje dei bur i Noreg, og kanskje dei har lært seg å snakke norsk. Sannsynlegvis snakkar dei ganske gebrokkent. Kanskje har dei norske vennar, men likevel. Sjå på dei då! Dei kan jo umogleg kallast nordmenn, sjølv om det står i passet deira at dei er norske statsborgarar. Og kva med foreldra deira? Sannsynlegvis kan foreldra ikkje eit einaste ord på norsk. Nei, desse folka på bussen kan ikkje kallast nordmenn.
Men eg er absolutt nordmann. Eg har norske foreldre, eg snakkar norsk, og eg har budd i Noreg heile livet. Eg har blå auge, lyst hår, og er lys i huda. Meir norsk kan ein ikkje få det. Forresten vaks mora mi opp i USA, men ho flytta til Noreg då ho var 7 år, så det tel jo ikkje, ikkje eigentleg. Bestemora mi er irsk, men det er jo mora til mora mi. Det tel jo ikkje det heller. Når eg tenkjer meg om har pappa svenske anar, men svenskar er jo nesten nordmenn då. Ja, eg er absolutt nordmann. Nordmann tvers igjennom…


