mandag 14. mars 2011

Eg - ein nordmann (av Eirik)

Eg, ein nordmann?


Eg ventar på bussen. Ved sida av meg står ein farga gut. Håret hans er mørkt, og auga hans er sjokoladebrune. Dei stirar intenst på meg, eg stirar tilbake. Når bussen kjem, er han nesten tom. I løpet av bussturen blir det folksamt. Bak meg sit to folk som ser ut til å vere frå Sør-Korea. Ein vietnamesar sit ved sida av meg. Midt i bussen står ein god gjeng som snakkar eit språk eg ikkje har høyrt før. Er eg verkeleg i Noreg?

Folka på bussen kan umogleg kallast nordmenn. Ok, kanskje dei bur i Noreg, og kanskje dei har lært seg å snakke norsk. Sannsynlegvis snakkar dei ganske gebrokkent. Kanskje har dei norske vennar, men likevel. Sjå på dei då! Dei kan jo umogleg kallast nordmenn, sjølv om det står i passet deira at dei er norske statsborgarar. Og kva med foreldra deira? Sannsynlegvis kan foreldra ikkje eit einaste ord på norsk. Nei, desse folka på bussen kan ikkje kallast nordmenn.

Men eg er absolutt nordmann. Eg har norske foreldre, eg snakkar norsk, og eg har budd i Noreg heile livet. Eg har blå auge, lyst hår, og er lys i huda. Meir norsk kan ein ikkje få det. Forresten vaks mora mi opp i USA, men ho flytta til Noreg då ho var 7 år, så det tel jo ikkje, ikkje eigentleg. Bestemora mi er irsk, men det er jo mora til mora mi. Det tel jo ikkje det heller. Når eg tenkjer meg om har pappa svenske anar, men svenskar er jo nesten nordmenn då. Ja, eg er absolutt nordmann. Nordmann tvers igjennom…


 

16 kommentarer:

  1. Kjære, Eirik.
    Blogginnlegget ditt er meget bra, du har ein god oppbygging og godt ordforråd. Innlegget ditt er artig å lese , men eg blir litt forvirra av den siste delen din. Du påstår at personar med utanlandsk opphav ikkje er norske, sjølv om de bor i Noreg. Du har sjølve utalandsk opphav, men regner deg sjølv for å være norsk. Det gir ingen meining.
    Alt i alt vart det veldig bra!


    MAthias

    SvarSlett
  2. Kan jo ikkje akkurat kommentere mitt eiget innlegg, så da blir det ditt.
    Eg tykkjer det var bra korleis du samanlikna med andre etnisitetar, for deretter å setje det heile på spissen ved å skrive om korleis du egentlig er delvis utlending sjølv. Humoristisk og underhaldande og eit godt svar på oppgåva.
    Dessutan: god nynorsk!

    SvarSlett
  3. Eg likte Eirik sitt innlegg på grunn av måten han har valt å gjere denne oppgåva. Han viser korleis innvandrar er og deretter samanliknar han seg med dei og brukar ironi. Noe som gjer blogginnlegget morosamt. Liker også at han skriver om ein busstur, fordi det er noe de fleste kan relatera seg til. Og eg synes at skildringa i begynninga var utruleg bra, klarte å sjå for meg passasjerane.

    SvarSlett
  4. Tormod Skov-Skov14. mars 2011 kl. 10:06

    Dette var eit bra blogginnlegg fordi du tek utgangspunkt i ein situasjon som
    eg og sikkert mange andre kjenner seg igjen i. Du bruker også ironien godt i det siste avsnittet, det gjer det artig å lese!

    SvarSlett
  5. Kristen Andre Hardang14. mars 2011 kl. 10:07

    Dette er eit bra blogginlegg fordi, du funderer og filosoferer på det å være nordmann.
    Du brukar ironi i teksten og det er ein av kjenneteikna til eit blogginlegg.
    Du har med ein busstur og dette kan folk kjenne seg igjen i.

    SvarSlett
  6. meinar at Eirik sitt blogginnlegg er bra. Dette er fordi eg syntes det var bra når han tok for seg handlinga i ein buss kor han observerte ting han såg rundt seg. Han har også med veldig mange bra poeng som gjer det interessant og lese.

    SvarSlett
  7. flott det her!

    eg likar korleis du innleiar med seie at du ser på utlendingane som unorske, for så å filosofere over at du sjølv er ein utlending. Så elskar eg at du konkluderar med sjølvbedraget "Ja, eg er absolutt nordmann", oh the irony.

    SvarSlett
  8. Eg syntest dette var eit bra blogginnlegg. Du startar bra med ein god innleiing kor du fortel ei historie som gjer at vi kjenner oss igjen. Du sluttar også innleiinga med eit spørsmål, noe som gjer at vi får eit inntrykk av kva du skal skrive om. Syntes også det var veldig bra at du samanlikna deg sjølv med dei på bussen, og trekk ein konklusjon undervegs. Syntes også det er bra at du bruker ironi på slutten, noe som får frem dine meiningar kanskje enda meir.

    SvarSlett
  9. Eg syns dette er eit bra blogginnlegg fordi du bruker veldig gode poeng om kva det vil seie å vere norsk. At du liksom sit på bussen og forklarar det det ser og høyrer, gjer teksten meir levande og spannande å lese ettersom at mange kan relatere seg til akkurat dette. Teksten har god oppbygning og fin flyt. Også god nynorsk.

    Line

    SvarSlett
  10. Bra innlegg!

    Eg likar godt at du er skråsikker på at dei andre ikkje er norske, medan du ikkje er heilt sikker på deg sjølv. Det fekk meg til å tenkje litt!

    Det eg likte litt mindre er at teksten er vinkla på ein måte som får det til å verke som du setter den ariske rasen over dei andre.

    SvarSlett
  11. Grunnen til at eg likte blogginnlegget var at det hadde ein god innleiing kvar det er starta med ein historie som gir ein naturlig overgang til det resten av blogg innlegget handlar om. I slutten får det oss til å tenkje på kvifor vi eigentlig kallar oss sjølv norsk, og det blir skrevet på ein morosam måte.

    - Monica

    SvarSlett
  12. Hei, Eirik. Eg må sei at blogginnlegget ditt forvirrar meg ein smule. Sånn som eg skjønnar det er ditt standpunkt at innvandrarar ikkje kan bli norske rett og slett fordi dei har ein annan hudfarge og fordi foreldra deira ikkje pratar norsk.

    Du er på en annan side norsk, sjølv om du har ei amerikansk mor, irsk bestemor og delvis svensk far. Du er med andre ord ein stor cocktail av nasjonar, mens dei norske innvandrarane du pratar om er på sin måte rene vietnamesarar/ sørkoreanarar osv. som har flytta til Noreg.

    Dine rasistiske holdningar er i mine auge skammelig for heile det norske folk. Du er like mye utlending som disse innvandrarane du pratar om, og at du ser deg sjølv som betre enn dei er heilt forferdeleg.
    Eirik bare innse det… Du er ein ”uddis”!


    Ellers likar eg teksten din veldig godt. Den er grammatisk korrekt og du skildrar miljøet rundt deg på en interessant måte. Du pratar veldig subjektivt, noe som passar eit blogginnlegg bra. Ordforrådet ditt er bredt nok slik at teksten ikkje blir einsformig og kjedeleg. Du skriver, som Simon nemnte over meg, om eit emne som er veldig relaterbart i denne tida.

    SvarSlett
  13. Eg likte blogginnlegget til Eirik. Det var bra at han skreiv om ei handling på ein buss noe som vi kan relatere oss til. Eg likte veldig godt avslutninga kor det viste seg at han sjølv kanskje ikkje kunne kalle seg ekte norsk.
    Therese

    SvarSlett
  14. Atle: Eg beklager for at eg presterte å skrive ”innse” istedenfor ”innsjå”.

    SvarSlett
  15. Eg likte innlegget til Eirik, mest på grunn av kontrasten mellom den sjølvopplevde situasjonen på bussen og refleksjonen over eigen identitet.

    Han legger vekt på dei spørsmåla folk stiller om utlendinger og grunngjer sine meininger med dei svara han finn. Dette gjer at han sjølv virker som ein nordmann, sjølv om han på slutten reflekterer over eigen identitet, og gjer så lesaren også reflekterer over identiteten til forfattaren.

    Alt i alt ein god tekst med godt innhald og god nynorsk.

    SvarSlett
  16. Desse tilbakemeldingane er ikkje lange nok.
    Neste gong må alle tilbakemeldingane vere på MINST 300 ord. Dei som skriv for kort neste gong, får to merknader!

    SvarSlett