Eg har nok sett deg, der du sit i klasserommet sveisen og fin, du klarer ikkje å skjule kor stolt du er av iPhonen din med dei siste appane. iPhonen som du nonsjalant legg i lomma på den nye jakka du var ein av dei første som kjøpte då han kom i butikken. Taparane kjøpte ho på utsalet i haust, tenkjer du og leiter etter nye modellar i nettbutikken - i skjul for falkeblikket til læraren din.
Du gler deg til å få vist fram dei nye twin-tipskia dine i bakkane på Hovden til vinteren, og ikkje minst gler du deg til å strene rundt i varmestova og sjarmere kjente og ukjente med Oakleybrillane dine solid plassert i bakpanna.
Er du lykkeleg og nøgd med deg sjølv som ein del av forbrukarsamfunnet?

Frå http://www.thegiant.no/ (21.09.11)

Denne teksten beskriv ein elev som sit i klasserommet. Han er oppteken av korleis andre folk ser på han. Det å vere først ute med alt; teknologi, klede og sport, framstillast som det viktigaste i verda for denne eleven. Kjem noko nytt, tek det ikkje lang tid før han har fått tak i dette. Altså er han ein verkeleg forbrukar.
SvarSlettPå mange måtar er teksten ein kritikk til dagens samfunn, og da først og fremst ungdomen. Forfattaren kritiserer ungdomens evige jag om å alltid vere først ute, alltid vere betre enn dei andre. Samtidig er det også ein kritikk mot heile forbrukarsamfunnet. Slik rettar forfattaren seg ikkje bare mot ungdomen, men også resten av samfunnet. Han stiller spørsmål til eit samfunn som seier at eigendelar fører til lykke. ”Er du ein lykkeleg forbrukar?” skriv forfattaren i byrjinga av teksten. Som avslutning skriv han: ”Er du lykkeleg og nøgd med deg sjølv som ein del av forbrukarsamfunnet?”
Teksten består også av eit bilete. Dette bilete viser ein gut som står på gata i byen. Han er moteriktig kledd med oppbretta shorts, briller, bag og ”all star” sko. Dette passar veldig bra med resten av teksten.
Eg meiner at dette er ein god tekst som får ein til å tenkje. Forfattaren skriv direkte til lesaren, noko som gjer at ein føler seg enda meir treft. Samtidig er eg i hovudmålgruppa til denne teksten, noko som gjer at han treffer meg enda meir.
Samfunnet vårt er blitt forvandla til eit reint forbrukarsamfunn. Vi er omgitt av reklame og media fortel oss kva vi må gjere for å vere ”up to date”. I følgje reklamane i blad og på tv skal dette vere superenkelt, noe som ikkje stemmer. Grunnen er at det ikkje er berre det at ein skal ha det nyaste og beste som er viktig, ein skal også kjøpe det på riktig tidspunkt. Ein skal ikkje ha det for tidleg, slik at ein risikerer at det ikkje er blitt populært enda, og ein kan heller ikkje få det for seint, slik at varen er på veg ut og den kjem på sal. Vi er derfor blitt ein del av eit bruk og kast samfunn, eit samfunn som seier at eigendelar fører til lykke. Vi kjøper nye produkta ettersom dei andre er blitt ”umoderne ”og ”gamle”.
SvarSlettSpørsmålet er da, er du lykkeleg og nøgd med deg sjølv som ein del av forbrukarsamfunnet? Både ja og nei. Eg er nøgd så lenge eg veit at eg jobbar og tener mine eigne pengar sjølv, slik at eg kjøper det eg har lyst på og trenge, utan dårlig samvittigheit. Samtidig er det dumt og trist at vi er ein del av eit samfunn som seier at eigendelar fører til lykke, noe eg ikkje har troa på. Eg prøv derfor så godt eg kan å ikkje kjøpe noe som er ”helt ubrukeleg”, men ein skal ikkje sjå bort ifrå at det av og til skjer.
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettSia vi lever i eit forbrukarsamfunn, og sia eg alltid har gjort det, så er eg vant til det og tenkjer generelt ikkje så mykje over det. Derfor vil eg seie at eg for så vidt er lykkeleg i dette samfunnet, men om ein tenkjer litt på det så er det eigentlig litt trist at samfunnet er blitt slik. Vi kjøper så mye som vi eigentlig ikkje trenger, og bytter ut ting som er fullt brukbare. Mykje av grunnen til at ein vil ha det nyaste er at ein føler kanskje at folk ser på deg på ein anna måte, som en kulare person.
SvarSlettEg vil kanskje ikkje seie at eg er så veldig nøgd med meg sjølv når eg for eksempel kvitter meg med noe tøy berre fordi eg ikkje har så veldig lyst å gå med dei lengre, sjølv om dei er fullt brukbare, eller kjøper ny mobil berre fordi eg har lyst på noe nytt. Så kan ein også tenkje på dei som ikkje har råd til dei tinga som eg faktisk kastar vekk, det er litt trist at det er sånn.
Så eg er lykkelig i dette samfunnet fordi eg ikkje tenker over kor mykje vi faktisk forbruker, men når eg gjer det så er eg ikkje så nøgd med korleis det er.
Dagens samfunn er på mange måtar blitt eit forbrukarsamfunn. Det å ha det nyaste og kulaste er viktig for mange. Du følar deg betre, og får ein heilt annan sjølvtillit. Viss ein setjar det litt på spissen, så er personar med merkakleder og den nyaste telefonen, dei mest populære og kule folkande. Det er dei materielle godane og kjøpepresset som er viktige i det moderne samfunnet. Detta kan føra til sosiale problem og stort fokus på status. Personar kan bli sett ned på fordi, dei ikkje har det nyaste kleda og dei dyraste mobilane. Eg synast at dette har tatt overhand. At ein blir kul viss ein har dei rette skia og brillene er galt. Eg meinar det skal bli lagt merke til korleis du er som person, og ikkje kva du har og ikkje har.
SvarSlettBlogginnlegg
SvarSlettEg er 18 år og fødd inn i eit forbrukarsamfunn. Dette gjer at eg er vand til å bytte mobil nesten ein gong i året, kjøpe nytt tøy når det gamle er stygt og kjøpe ting eg elles ikkje treng. Det einaste som avgrensar dette er pengane. Sjølv om du har mykje pengar kan du velje å kanskje spare dei eller bruke dei på noko du kanskje ikkje treng. Sjølv om ein har pengar er det ikkje dette i seg sjølv som kan gjere ein lykkeleg. Når det er snakk om meg sjølv kan eg ikkje la vere å seie at eg er lykkeleg som ein del av forbrukarsamfunnet. Dette er noko eg er vand til frå fødselen av, og det har alltid vore ein del av meg. For å hengje litt med i det som er in og kjøpe nye ting når eg vil, må eg jobbe. Det kunne kanskje vært herleg å spart masse pengar og ikkje brydd meg om noko.
Dagens samfunn er blitt for opptatt av å kjøpe, kjøpe, kjøpe. For å få status i dagens samfunn, må ein ha det nyaste av det nye, trur mange. Disse er blitt påverka av reklamer og media, som heile tida seier ein bere må ha det nyaste, for å være kul. Om ein ikkje har det nyaste, så passer ein ikkje inn på same måte som de som har det nyaste. Og vi må også passe på at det vi kjøpar, ikkje blir kjøpt for tidleg, eller for seint. For eksempel er det ikkje noko vits i å kjøpe slalåmski på våren. Eller kjøpe Iphone 4, om 5-eren kommer nokon dagar etter. Dei som alltid skal ha det nyaste, ville venta til det siste hadde komet, og kjøpt det. Og når ein kjøpar noko nytt, så blir det gamle kasta i søppeldunken.
SvarSlettNår ein da får spørsmålet om ein blir lykkeleg, eller nøgd med eit slikt samfunn, begynn ein og tenkje. For meg er eg lykkeleg med å kjøpe noko, og holde meg til den tingen i lengre tider, før eg tenkjer å kjøpe noko nytt. Eg kjøper ikkje nye sakar ofte, men når eg først skal ha noko nytt, så ser eg først på om kor lett det er å bruke den. Og om den kan brukast til noko fornuftig. Det er ikkje det kulaste, men det fungerer for meg.
- Kjetil
- Monica
SvarSlettForbrukarsamfunnet kan vere brutalt på det vis at ein må følgje motar og ha dei dyraste merkevarane for å oppnå ein sosial tilhøyrsel. Produkta skal ikkje lenger bare tilfredsstille behov slik som mobilar skal hjelpe oss å kommunisere med andre, men i dag skal også produkta tilfredsstille eit status behov. Det er dette som motiverer oss til å bruke masse pengar på dyre klede, dyre bilar og andre merkevarer som ikkje alltid er av like god kvalitet som prisen tilseier. Og ikkje alle har råd til å bruke masse pengar på slike produkta eller bryr seg om det status som kommer med visse produkta.
Vi er alle ein del av forbrukarsamfunnet til ein viss grad. Nokon er meir opptatt av den statusen som kommer med produkta enn andre er, og eit slik samfunn kan vere både godt og vondt. Sjølv veit eg ikkje om eg er nøgd med å vere en del av dette samfunnet. Ideala i dette samfunnet vil ikkje forsvinne med det første, og ein kan ikkje gjere noko med deg utan om å tilpasse seg.
Sjølv er eg 18 år, eg lever i eit forbrukarsamfunn, men eg veit ikkje helt om eg likar det. Det er liksom litt for mykje fokus på kva ein går med og kor det kjem frå, og sjølvsagt å ha det siste innan alt. Nye sko og ny jakke til vinteren, nye kler og solbriller til sommaren. Sjølv om det ein brukte året før fortsatt er fullt brukbart.
SvarSlettEg er jo sjølvsagt ein del av dette samfunnet. Eg kjøper nye klede til dei forskjellige sesongane som alle andre, men eg prøver å avgrense meg. Noe eg trur eg klarer ganske bra. Eg må jobbe for disse godane, for alt handlar om pengar og det gjer meg to val; følgje forbrukarsamfunnet slavisk eller spare pengane mine, for å få ein litt lettare økonomisk framtid. Men i dagens samfunn er det lettaste å følgje det første valet, sjølv om det andre kanskje er det smartaste.
Line
Eit forbrukarsamfunn er eit samfunn eller kultur der det å handle og forbruke i stor grad er sosialt motivert og der produkta er eit signal på identitet. Samfunnet vi lever i er i stor grad eit forbrukarsamfunn. Kva slags produkt vi kjøper og bruker har noe å si for korleis vi blir oppfatta som person. Eg er ikkje spesielt nøgd med forbrukarsamfunnet, det skaper lett kjøpepress og fordommar i samfunnet vårt. Samtidig må eg bare innrømme at eg som de fleste andre følgjer strømma og kjøper nye og moderne produkt som kjem på marknaden. Eg er likevel ikkje heilt styrt av kva alle andre gjer, men kjøper det som eg liker og eg ønskjer å ha. Eg vil dermed konkludere med at eg lever som ein lykkeleg forbrukar i samfunnet vårt, men liker ikkje nødvendigvis det at eg er ein del av forbrukarsamfunnet.
SvarSlettTherese
Dagens samfunn har blitt et forbrukersamfunn der det har blitt eit stort fokus materielle godar. Denne utviklinga har gått i ein ekstrem fart. Berre for ti år sia var det vanleg å ha ein mobiltelefon på deling i familien. Nå ser du knapt ein skoleelev utan mobil, ipod og den slags. Denne utviklinga har både gode og dårlige sider. Ein slik utvikling kan føre til eit tydligare skilje mellom dei som har råd til å halde seg oppdatert på dei nyaste dubedittane og kleda, og dei som ikkje har det. Folk burde ikkje dømast etter kva dei har råd til.
SvarSlettEin positiv ting med eit slikt samfunn er at folk er meir mobile og lettare å få tak i ved eventuelle nødssituasjonar. Dyre merkeklede er som regel også av god kvalitet noe som gjer at dei hold lengre.
Er du lykkeleg og nøgd med deg sjølv som ein del av forbrukarsamfunnet?
SvarSlettSjølvsagt er eg lykkeleg med meg sjølv som ein forbrukar. Eg ser ikkje kva som er galt med ein person utifrå korleis han (ynskjer) å vise seg sjølv. At han berre brukar nye/moderne merkevarer viser ein side med han som han (forhåpentlegvis) er opptatt med. Han prøvar å vere moderne, og også vise at han følgjer med i tida. Dette er ein side han tar alvorleg, ikkje berre vil han bruke dei «riktige» kleda, men også ha dei nyaste tinga. Det styrer kanskje hans liv, og vil ha verknad på fritida hans. Men eg trur han likevel ikkje er ein trist og ulykkeleg person. Han må vel gjere det fordi han har lyst, og at han trivast med det? Eller har forbrukarsamfunnet pressa det på han?
Ikkje alltid er det slik at ein kjøper ut i frå sitt eige ynskje, men meir frå korleis dei andre vil sjå på deg. Dette gjeld vel nokon (kanskje dei aller fleste), at dei ikkje brukar all sin tid og pengar på dette, men av og til kan dei vel de unne seg sjølv ein liten gåve. Men gjer alt dette at personen blir lykkeligare? Ja, vil eg påstå. Personen kjøpte jo tross alt varen i ynskje om å bli lagt merke til. Det blir ein jo med disse merkevarene. Dei er eit statussymbol, og det å ikkje bli oversett er ein god ting. Ikkje at ein absolutt MÅ kjøpe ting for å bli lagt merke til, for det er alltids enklare metodar…
Prosessen del ein:
SvarSlettTeksten beskriv ein person på skolen, vi får et innblikk i tankane hannes. Det trengs ikkje mye for å skjønne at forfattaren er kritisk til dagens ungdom, og gjennom denne teksten fer han frem kritikken sin til dagens ungdom og forbruker samfunnet.
Mange kan kjenne seg igjen i denne teksten, muliges ikkje i alt men dette er ikkje noe nytt. Og eg trur ikkje at dagens ungdom tenkjer over kva dei brukar pengane sine på. Alt handler om å være ”hipp” – en vil ikkje være anerleis. Gud forby at du skulle skilje deg ut frå dei andre.
Teksten endar med eit spørsmål frå forfattaren ” Er du lykkeleg og nøgd med deg sjølv som ein del av forbrukarsamfunnet?” . Eg klarar ikkje å oppfatta dette som eit spørsmål, ettersom at eg ikkje oppfattar lykke noe som kan knyttes til materielle ting. Men er eg nøgd med meg sjølv som ein del av forbrukarsamfunnet ? Det er noe som eg aldri har tenkt på og eigentlig har eg ikkje noka meining om. Dette skyldes nok at mesteparten av mitt liv har vært i dette samfunnet.
Kristen Andre Hardang
SvarSlettEg er ein lykkeleg forbrukar, eg har mange av dei nye tinga som gir deg status i kvardagen. Eg har den nyaste telefonen og ein god PC. Eg har ein dyr parfyme og eit stort utval av klede. Eg har pengar og eg bruker dei. Eg er ein dårleg forbrukar. Eg er ein lykkeleg men dårleg forbrukar. Eg blir påverka av reklame som alle andre. Eg kjøper ting som er unødvendige og derfor er eg ein dårleg forbrukar men en lykkeleg.
Anette
SvarSlettEg vel å ikkje analysere teksta så veldig mykje og heller svare på spurnaden om eg er lykkeleg og nøgd med meg sjølv som ein del av forbrukarsamfunnet.
Eg veit at eg er ein forbrukar. Det er vi alle. Kvifor er det sånn at det å være ein forbrukar skal vere noe negativt? For det er sånn han her fremstillar det her i teksta. Eg er ikkje sjølv ein person som alltid skal ha det nyaste og meiner sjølv at eg ikkje er så oppteke av og vise meg fram på den måten. Men sjølvsagt kan det vere gøy og kjøpe nytt tøy eller ein ny mobiltelefon ein gong i blandt.Det er ikkje akkurat som om eg har noko val når det kjem til det å vere ein forbrukar. Ein er rett og slett tvinga, om ein vil det eller ikkje. Men eg har ikkje noko imot det.
Teksten stiller spørsmål til hva du-personen/leseren ville gjort dersom de var ein leder i ein organisasjon som ville skape eit godt samfunn. Korleis ville du da overtalt folket til å støtte din organisasjon? Og hvor går grensa?
SvarSlettTeksten får lesaren til å setje seg inn i situasjonen som ein leiar av ein organisasjon. Dette får leseren til å sjå ting frå eit annan perspektiv. Kor lett er det å overtale eit heilt folk, med så mange forskjellige personar? Denne teksten kan være skrevet for at vi, borgarar i Noreg, lettere skal sjå og forstå situasjonen til de politiskepartiene i Noreg. Når vi etter eit val føler at det partiet som vant valet, ikkje oppfyllar det dei har lovt, må vi kanskje setje oss i dei sin situasjon. Det er selvfølgeleg slik at dersom eit parti lover å gjøre noe, lyver de dersom de ikke følgjar det opp. Men kanskje forstår vi dem litt?
- Christer
Eg veit godt at eg lev i eit forbrukarsamfunn. Eg føler det som om alle personane eg ser overalt rundt meg kjøper nye ting heile tida. Ny jakke til kvar årstid, det treng ein. Nye ski kvar vinter er naturligvis og eit kriterium for å vere med i tida.
SvarSlettPersonleg tykkjer eg ikkje at eg henger heilt med på desse frontane. Ikkje klarer eg å bestemme meg for kva eg skal kjøpe av nytt tøy, og det blir derfor til at eg sjeldan går ut for å handle nytt. Samtidig føler eg at for å være med i samfunnet og kanskje og litt for å vere med i vennegjengen, så må ein med jamne mellomrom fornye klesskapet.
Eg tykkjer derfor at eg av og til kanskje ikkje henger heilt med i dagens forbrukarsamfunn, men eigentleg gjer det meg ingenting. Eg er nøgd med den rolla eg har, og har funne ut at eg ikkje sjølv treng å vere ein del av forbrukarsamfunnet for å vere lykkeleg. Eg har det fint som det er no; utan at eg treng bekymre meg for kva folk tykkjer om meg, sidan eg ikkje forsøker å få dei til å tykkje godt om meg.
Eg meiner at dagens ungdom på mange måtar ikkje er store nok forbrukarar. Pengar burde få mykje høgare status enda tidlegare enn det dei gjer i dag. Søstera mi er 10 år gamal og veit ikkje noe om merkeklede. Ho har akkurat fått sin første mobil, og eg trur berre det var så vidt han hadde fargeskjerm. Nei, her må vi begynne enda tidlegare. Vi må lære opp ungane til at pengar er lik status og lykke. Vi må mobbe og rakke ned på dei som ikkje heng med i forbrukarsamfunnet. Kjem folk med mobilar som ikkje har touch, burde dei verkeleg få høyre det. Dei må settast på plass, og dette er vårt ansvar.
SvarSlett