Du og eg. Vi vil begge få mest mogleg ut av livet. Sei at du er medlem i ein organisasjon. Målet for organisasjonen er å skape eit godt samfunn for slike folk som oss to.
Nei. Du er ikkje berre ein av mange medlemmar – du sit i leiinga for organisasjonen. Sei at du er ein av dei som blir lytta til. Kva meiner du må gjerast for å vinne tillit og få støtte frå folket?
Sei at målet dykkar er å overta makta i samfunnet. Kva gjer de for å nå målet? Vil de gå frå dør til dør for å vinne dei søkande sjelene? Vil de bruke makt for å overtyde dei fortapte? Kor går grensa for kva de er villige til?
Eg trur ikkje på saka di. Kva vil du gjere med meg?
mandag 10. oktober 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Teksten handlar om kva du ville gjort viss du fikk ein leiarstilling i samfunnet. Korleis ville du gått fram for å fremme di sak, og kor ville grensa di gå? Kva ville du gjort med dei som ikkje trudde på saka di?
SvarSlettI denne teksten blir lesaren utfordra av forfattaren. Forfattaren får lesaren til å setje seg inn i andre roller i samfunnet, og slik kanskje få litt meir innsikt.
Eg trur dette på mange måtar er ein kritikk av dei som kritiserar samfunnet. Dei vil ha forandringar, dei er misnøgde med samfunnet og måten det fungerer. Men om dei hadde fått moglegheita til å kunne ta makta, og om dei hadde fått mogligheita til å styre, korleis ville dei då takla det?
Eg synest denne teksten hadde ein litt merkeleg oppbygging, og var litt vanskeleg å forstå. Derfor var den litt meir utfordrande enn den første teksten, men gav samtidig meir rom for tolking.
For å byggja opp ein god sak, krevjar det troverdigheit. Ein må få folk til å tru på det du meinar, og det er ulika måtar ein kan gjere detta på. Eg vilja ha gjort mykje for å imøtekomma målgruppa min , og dreva kampanjar med tilbod og premiar som du får viss du meldar deg inn i organisasjonen. Eg ville marknadsført min organisasjon, slik at man assosierar den med noko positivt. Det å ta over makta i eit land med makt, er ikkje muleg i eit moderne samfunn. Organisasjonen burda hellar ikkje gå frå dør til dør. Dette vekkar negativt oppmerksomheit, og mange ser på det som desperat. Grensa for kva det er lov til er når tar makta gjennom militæret, og ikkje udemokratisk. For å overta makta, må ein gjere det riktig, men positive holdningar slik at folk trur på deg og veljar organisasjonen din.
SvarSlettFor og få deg til å tru på saka mi ville eg ha brukt ord og absolutt ikkje vold. Vold er noko ein ikkje oppnår noe med i dagens samfunn. Grensa mi ville gått med ord og ingen fysisk kontakt.
SvarSlettI staden for slike voldelege ting ville eg vore bevisst på det organisasjonen stod for og formidle dette vidare til folket. Eg ville vist folket at dette var noko eg verkeleg trudde på og som andre av all grunn skulle tru på. Eg ville altså ha presentert organisasjonen frå ei positiv side med ord og handlingar. Ord som ville bli høyrt og som fører til at folk trudde på våre meiningar. Likevel ville eg hatt all respekt for deira meiningar, men likevel argumentert og forklart kvifor dei skulle tru på akkurat dette.
For å nå målet så må vi nå ut til folket og få dei til å tru på saka. For å vinne tilliten og få støtte frå folket, så meiner eg at vi må høyre på kva folket har å seie, ta omsyn til deira ønskjer og respektere dei. Vi burde også vise med handlingar at dette verkelig er noe vi ønskjer å få til, holde forskjellige kampanjar og oppsøke folket der de er, og fortel om saken vår. Eg ville da gått til plasser der det er mange folk naturlig samla, som for eksempel på eit kjøpesenter eller liknande.
SvarSlettEg ville ikkje brukt vold av noko slag og eg ville ikkje ha trua eller tvinga nokon til å tru på saka mi, men eg ville ha forklart saka veldig klart og argumentert på det sterkaste for å få dei som ikkje trur på det til å forandre meining. Eg ville også prøvd å få fram kva akkurat du kan tene på å forandre meining og hjelpe oss
For å få deg til å tru på saka mi, vil eg prøve å leggje ho fram på ein måte som skaper truverde. Det er svært viktig at eg blir oppfatta som sjølvsikker når eg leggje frem argumenta. Argumenta må vere konkrete og med sterkt grunnlag. Det er viktig at du oppfattar meg som ein person som veit kva eg driv med, at eg er ein som du kan stole på. Eg må ikkje vere autoritær eller bruke vald. Da blir eg sett på med misstillit og du vil trekke deg vekk i staden for å støtta saka mi. Eg kan ikkje vinne din tillit ved å bruke vald, men ved å vere som ein fin og ordentlig person.
SvarSlettTherese
- Monica
SvarSlettVold er aldri eit god alternativ, ikkje i nokon samanhengar. Spesielt ikkje når du skal vinne tillit og støtte frå folket. Ein kan ikkje skape tillit med frykt, og for å få folk til å stole på deg må du få dei til å gjere det av eiga vilje. Viss ikkje kan du ikkje vere sikker på kor lenge du vil behalde denne støtta.
Ein bør ikkje stå frem som autoritær, men som ein god autoritet. Organisasjonen burde skape eit godt rykte og slik at folk har eit betre inntrykk av saka når ein skal argumentere for den. For viss folk er negative til det du gjer er det vanskeleg å få folk til å lytte. Eg ville tala om alt det positive om saka, og kanskje lagt inn ein lita negativ ting for å skape god truverde.
Sjølv er eg 18 år, eg lever i eit forbrukarsamfunn, men eg veit ikkje helt om eg likar det. Det er liksom litt for mykje fokus på kva ein går med og kor det kjem frå, og sjølvsagt å ha det siste innan alt. Nye sko og ny jakke til vinteren, nye kler og solbriller til sommaren. Sjølv om det ein brukte året før fortsatt er fullt brukbart.
SvarSlettEg er jo sjølvsagt ein del av dette samfunnet. Eg kjøper nye klede til dei forskjellige sesongane som alle andre, men eg prøver å avgrense meg. Noe eg trur eg klarer ganske bra. Eg må jobbe for disse godane, for alt handlar om pengar og det gjer meg to val; følgje forbrukarsamfunnet slavisk eller spare pengane mine, for å få ein litt lettare økonomisk framtid. Men i dagens samfunn er det lettaste å følgje det første valet, sjølv om det andre kanskje er det smartaste.
Line
Eg ville satt meg inn i korleis samfunnssituasjonen er, og utifrå det finne ut kva som bør endrast og kva som kan gjeres betre. For å få slike som deg til å tru på mi sak, ville eg sett på korleis du hadde det og argumentert med ting som får akkurat deg til å endre meining. Fokus på enkeltmennesket er viktig! Eg meiner vold ikkje er vegen å gå. Med vold så skapar du berre avstand og hat. ved å Inkludere og skape samhald skal eg få deg til å tru på mi sak!
SvarSlettOi! Noko gjekk gale, så eg la inn feil komentar.
SvarSlettHer er den som eg eigentlig skulle leggje inn:
Eg vil vinne makta i samfunnet, men for å nå ut til folket og få støtte og tillit må eg stå for ein god sak. Man må skape truverdige og få folket til å stole på ein. Å gå frå dør til dør ville nok vært tidkrevjande, men det kunne skapt ein personleg tillit mellom organisasjonen og dei som opnar døra når ein ringer på. Samtidig kunne det gitt ein negativ verknad, det er mange som ikkje likar «dørseljaren» og vil nok bare lukke døra så fort dei ser at dei ikkje får besøk av nokon dei kjenner. Å bruke makt for å få makta i samfunnet ville nok ikkje hatt eit godt utfall. Kanskje vil ikkje samfunnet like det organisasjonen står for og dei vil gå imot. Det beste er nok å vinne folkets tillit og skape ein truverd slik at folket vel organisasjonen på demokratisk vis. Eg ville brukt kampanjar og fått folket engasjert.
Du som ikkje trur på saka mi, ville eg ikkje brydd meg så mykje om. Det er alltid nokon som er ueinige, men for å vinne makta må eg få han gjennom eit demokratisk val. Og med mine fantastiske kampanjar, vil eg få fleirtalet av stemmane og vinne makta.
Line
For at folk til å tru på saka di må du vere rikelig oppteken og engasjert i det du formidlar. Du må verkeleg tru og meine det du skal få folk interessert i. Du må argumentere og informere for å oppnå støtte frå folket. Med det meiner eg at ein ikkje treng å ta i bruk makt for å få tillitt, men i staden for ha ein sak som opptek samfunnet rundt oss og som nettopp engasjerer. Eg vil derfor prøve å skape eit trygt og godt samfunn for både deg og meg. Folket må tru og bli overbevist om at våre meiningar er gode, truverdige og pålitelege. Likevel ville eg hatt respekt til folket, men likevel argumentert og forklart kvifor dei skulle tru på vår sak.
SvarSlettMålet for organisasjonen er å skape eit godt samfunn for folk som vil ha mest mogleg ut av livet.
SvarSlettKva meiner du må gjerast for å vinne tillit og få støtte frå folket?
For å få støtte frå folket burde eg gje fordelar og privilegia til mine medlemmar. Svaret på å gi folk mest mogleg ut av livet ligger mykje i psyken til oss. Da ville eg kanskje ha hatt nokon talarar som kunne fortelje side opp og ned om korleis ein får mykje ut av livet (kanskje det å vere ein «yes-man»). Eg vil også la folk sjå verden, gi dei tilbod på turar til rundt i verda, turar i skog og mark, la dei få oppleva ting.
Sei at målet dykkar er å overta makta i samfunnet. Kva gjer de for å nå målet?
Vi må få støtte og tillit frå folket. For da får vi lojale medlemmar, og da gjer det arbeidde enklare. Vi må vere veldig kreative og nyskapande. Folk søkjer ny det nye, og da kan vi kanskje lettare få makt i samfunnet. Vi kan begynne å styre og stelle, og jobbe for våre medlemmar. Vi vil ikkje berre ha lojale medlemmar, men mange. Jo fleire, jo betre er det. Det gir oss makt å vere mannssterke i eit demokrati. Vi vil få innflytelse og gi dei mest mogleg ut av livet (det er jo noko nesten alle vil).
Korleis vil dykk få tak i medlemmar?
Eg vil gjere oss kjent. Alle må vite om oss. Vi skal vere i avisar, på TV, på radio, på internett, osv. Vi skal gi dei tilbod dei ikkje kan motstå. Vi vil gi dei livskunnskap, og korleis utnytte denne kunnskapen. Vi skal vere inspirerande og nyskapande. Vi vil ikkje la nokon vere utanfor vår organisasjon. Vi skal nesten bli som ein religion for folk. Dei skal be til oss, og vi skal gi deg kva dei vil ha. Dei skal få meir enn kva dei gir!
Eg trur ikkje på saka di. Kva vil du gjere med meg?
Den som ikkje trur på saka vår (noko som sjølvsagt er veldig dumt!) skal forfølgjas og truas. Ikkje på ein ulovleg måte, vi vil berre fylle postkassa di med reklame og ringe til deg, vi vil sende e-post og vi vil komme på døra di. Vi gir oss ikkje før du er med oss. Vi skal vere overalt kor du går. Du har ikkje noko val. Vi kan få medlemmar til å ignorere ikkje-medlemmar (spesielt verknadsfullt når vi er fleirtal). Det er oss som er samfunnet, bli med eller forsvinn!
Teksten beskrive korleis dagens forbrukarsamfunn virke. Alle vil ha det nyeste og beste så tidlig som mogleg, og dersom du får det litt senere enn alle andre, er det allerede noe nytt som er bedre og mykje tøffare. I forbrukarsamfunnet gjelder det å få vist frem det ein har som er mote,nytt eller/og dyrt, og dette er med på å skaper "klasseforskjellene" i samfunnet.
SvarSlettEg syntes forfattaren får vist hva eit forbrukarsamfunn er på en fin måte. Han forteller om korleis dette forbrukarsamfunnet set press på oss, særlig ungdommen, til å ha det beste og nyeste. I teksten fortel han at desto meir nye ting ein har, desto meir lykkeleg blir ein, noe som kan stemme til dels. Forfattaren overdriv mykje i teksten, f.eks. med at han seier at "Taparane kjøpte ho på utsalet i haust,", dette kan være for å få oss lesare til å lettere sjå problemet med eit forbrukarsamfunn. For så ille er det da ikkje? I teksten blir det også stilt spørsmål med om ein er fornøyd med å være ein del av forbrukersamfunnet, noe som vekker nye tanker i lesare, dette er kanskje noe ein aldri har tenkt på før.
Christer
Anette
SvarSlettDet første eg legg merke til når eg byrjar å lese er at eg blir utfordra. Han plasserer deg i ein organisasjon der du er ledar.
Han skriv at du skal overta heile samfunnet. Og kva må til for at dette skal skje? Kva for metodar må du bruke?
For å vinne tillit må ein skape eit personleg band med den du ønskjer skal stole på deg. Til å begynne med vil eg truleg gå frå dør til dør, og prate med personane. Eg ville truleg ha prøvd å komme med dei argumenta dei fleste er einige i, og når eg hadde fått dei litt på gli ville eg ha gått over på meir radikale endringar i samfunnet. Når eg så hadde samla ein liten gjeng, vil eg truleg sjå på kva kvar enkelt er god til. Då ville eg nok ha laga ein kampanje, og brukt dei kvalifikasjonane folka eg har samla sit på. Folk, som deg, som tvilar på det eg seier, ville eg gjort som eg gjorde når eg gikk rundt frå dør til dør, og finne ut kva du meiner. Etter det vil eg legge fram dei meiningane mine som vi er einige i begge to. Etter kvart ville eg fortelje om dei små endringane som eg meiner må gjerast i samfunnet, for å skape eit betre samfunn.
SvarSlettPå dette punktet vil eg og trenge ein god retorikar, som kan halde taler på større arrangement der vi kan samle mange tilhengjarar. Snart vil eg ha samla så mange vener at eg føler det kan gå greitt å stille i eit demokratisk val. Dette vinn eg med god margin, etter ein fantastisk valkamp der dei som talar min sak er mykje betre retorikarar enn dei noverande politikarane i Noreg. Dette er truleg måten eg ville tatt over landet på. Eg ville ikkje ha brukt makt, for viss du har heile folket imot deg, vil du ei gong dukke under, som vi ser i Nord-Afrika i dag. Eg ville nok ha holdt meg innanfor loven og gjort alt demokratisk.
Hadde eg fått moglegheita ville eg gjort alt som stod i mi makt for å fremme saka mi. Folk veit ikkje kva dei sjølv vil, men det hadde eg visst. Hadde ikkje ord og tale virka, ville eg tatt i bruk meir dristige middel. Problemet med dagens samfunn er nemleg at folk ikkje tenkjer sjølv. Folk lar seg styre av samfunnet. Folk treng ein som kan få dei på rett spor, ein som kan hjelpe dei i riktig retning. Og den noen kunne vore meg, og eg hadde derfor sett det heilt nødvendig å overtale alle for ein kvar pris om at mi sak var rett.
SvarSlett