mandag 5. desember 2011

Kven er du?





Dersom du skal forklare kven du er til nokon som ikkje veit kven du er og heller ikkje har sett deg, er eg ganske sikker på at du med ein gong vil fortelje om du er jente eller gut.

Har du tenkt på kva det betyr og kva for meining det gir? Det reint biologiske er ei side ved det å vere berar av eit kjønn. Konsekvensane av det biologiske kjønnet er ei anna side. Å skaffe seg oversikt over dei er ei uoverstigeleg oppgåve, men vi skal bruke eit par veker på å nærme oss dette gjennom ulike tekstar.

Musikkvideoar, dokumentarfilmar, spelefilmar, sakprosa og forteljande og episk dikting kan gi oss eit stort tilfang på perspektiv og svar på spørsmålet KVEN ER DU?
Du kan starte med å sjekke ut denne musikkvideoen:

Kate Ryan: "Ella Elle L'a"

Orda i tittelen betyr noe slikt som "Ella har det". Har ho det? Og kva er det i så fall ho har?
Sjå musikkvideoen, noter tankane dine og ta dei med til tysdagstimane.

Feminisme

Feminismen forsøker å klargjere dei samfunnsmessige konsekvensane av det biologiske kjønnet. Som ideologi er han ikkje eintydig, men samfunnsanalysa sitt mål er å finne ut korfor kvinnene er undertrykt og korleis ein kan oppheve denne undertrykkinga. De har lese eit utdrag frå "Det annet kjønn" av deBeauvoir. Ho peikar på at det normale er definert gjennom mannen, som igjen blir betrakta som ein objektiv storleik. I hennar perspektiv blir derfor kvinna handsama som eit avvik.

Tekstane vi bruker når vi arbeider med temaet kjønn i tekst blir brukt på to vis. For det første bruker vi feministiske briller til å kle av tekstane og det dei viser. Det kan vi gjere med Kate Ryan, sjølv om det ikkje er mye igjen å kle av i hennar tilfelle. For det andre bruker vi tekstane for å finne ut kva dei sjølv seier om kjønn og undertrykking i eit meir kritisk perspektiv.

Her finn de nokre forklaringar av og tilnærmingar til omgrepet feminisme:
Store norske leksikon
Rød ungdom om feminisme
PaxLeksikon

Bruk den alfabetiske indeksen i Pax leksikonet og finn fram til omtalen av dobbelsenga. Er det ein feministisk tekst?

onsdag 19. oktober 2011

Har skulen lukkast med sitt prosjekt?

Eg har lese bloggkommentarane dykkar med interesse. Språkleg er det ei glede å registrere mykje betre nynorsk - BRA!

Så slår det meg at skulen sitt fokus på politisk korrekte middelklasseverdiar har gjort sitt: Her er mange gode analysar, og Therese si analytiske tilnærming har eg sans for når ho seier at Eit forbrukarsamfunn er eit samfunn eller kultur der det å handle og forbruke i stor grad er sosialt motivert og der produkta er eit signal på identitet. For det er vel identitet dette handlar om? I dykkar eige generelle blikk på forbrukskulturen er de akkurat slik me (skulen) vil ha dykk: Passeleg kritiske, men likevel balanserte. Eg har sans for Simon når han trekk inn Hans Rotmo sin songtekst "Gårsdagens mote ligger i søppelposer". Simon meiner denne passar perfekt til det moderne samfunnet: Ein kjøper noko, brukar det, for så å kaste det når noko nytt kjem. Har ein det nyaste, er ein kul. Simon meiner det moderne forbrukarsamfunnet ikkje er ein bra ting. Alt for mykje kapital fer frå lomma til mannen i gata og inn på konto hos dei store selskapa.

Men når me spør dykk om kva de meiner om dykkar eige forbruk, får pipa ein annan lyd - no er det den lukkelege forbrukar som står fram!  Og eg må jo seie at eg synest Leif er herleg politisk ukorrekt (sjølv om eg er ueinig i omtrent alt han skriv), når han seier at Sjølvsagt er eg lykkeleg med meg sjølv som ein forbrukar. Eg ser ikkje kva som er galt med ein person utifrå korleis han (ynskjer) å vise seg sjølv. At han berre brukar nye/moderne merkevarer viser ein side med han som han (forhåpentlegvis) er opptatt med. Han prøvar å vere moderne, og også vise at han følgjer med i tida. Dette er ein side han tar alvorleg, ikkje berre vil han bruke dei «riktige» kleda, men også ha dei nyaste tinga. Det styrer kanskje hans liv, og vil ha verknad på fritida hans. Men eg trur han likevel ikkje er ein trist og ulykkeleg person. Han må vel gjere det fordi han har lyst, og at han trivast med det?
 
Og så får eg tru på demokratiet når dykk er så samstemte om at vald ikkje er vegen å gå for å overtyde nokon om ei viktig sak. June er vel representativ for dykk når ho seier at For å nå målet så må vi nå ut til folket og få dei til å tru på saka. For å vinne tilliten og få støtte frå folket, så meiner eg at vi må høyre på kva folket har å seie, ta omsyn til deira ønskjer og respektere dei. Ein solid demokrat der, altså. Leif, på si side, gir full gass, og denne gong tar han ein "George W. Bush" og postulerer: Det er oss som er samfunnet, bli med eller forsvinn!
 
Eirik er litt i slekt med Tyler Durden: Problemet med dagens samfunn er nemleg at folk ikkje tenkjer sjølv. Folk lar seg styre av samfunnet. Folk treng ein som kan få dei på rett spor, ein som kan hjelpe dei i riktig retning. Og den noen kunne vore meg, og eg hadde derfor sett det heilt nødvendig å overtale alle for ein kvar pris om at mi sak var rett.


Eg synest de er blitt flinkare både til å meine og til å formulere det de meiner! Ein god bloggkommentar er eit halvt essay; det skal vere lov å prøve seg her på bloggen. Køyr på vidare!  

mandag 10. oktober 2011

Prosessen - del tre

Prosessen (Janove Ottesen)

Velkommen til mafia rekruttering
Her er alle under læring
Så ta godt i mot presten
For alle vil bli med på sukksessen
så lenge det er penger i bildet
Det er penger i bildet

Me blir større og større for kver dag
Me representerer alle sosiale lag
i frå toppen av pyramiden og ner
Eg ser det på deg
Eg ser det på deg. Du er som oss

For det vil bli revolusjon
når du ser folk konverterer til en annen religion
Og dei som ikkje trur på meg i dag
Bare vent for
det er en del av prosessen

Alt du har hørt om oss er sant
Me begynner å bli mange
Me har folk over heile landet
Det er ingenting som å sjå når de promenerer
Enkelte reagerer, men andre applauderer
og det er sånne som oss

Me tar dag for dag
konstruerer svar
gjer deg alt du vil ha
tenk strategi, tenk strategi

Åh du er i mine hender kva enn som skjer
La meg få din stemme. Eg ber på mine kner
Åh du har så mange ting i vente
Bli med på sukksessen
Åh sei til venner og kjente,
De kan bli med på, de kan bli med på prosessen

Låta høyrer du her:  http://www.youtube.com/watch?v=6aKYxyaOCW8


Henta frå http://www.kaizers.no/index.php?option=com_content&view=article&id=29:vare-demoner&catid=5:diskografi&Itemid=4#prosessen (05.10.09)

Prosessen - del to

Du og eg. Vi vil begge få mest mogleg ut av livet. Sei at du er medlem i ein organisasjon. Målet for organisasjonen er å skape eit godt samfunn for slike folk som oss to.

Nei. Du er ikkje berre ein av mange medlemmar – du sit i leiinga for organisasjonen. Sei at du er ein av dei som blir lytta til. Kva meiner du må gjerast for å vinne tillit og få støtte frå folket?

Sei at målet dykkar er å overta makta i samfunnet. Kva gjer de for å nå målet? Vil de gå frå dør til dør for å vinne dei søkande sjelene? Vil de bruke makt for å overtyde dei fortapte? Kor går grensa for kva de er villige til?

Eg trur ikkje på saka di. Kva vil du gjere med meg?

Prosessen - del ein

Er du ein lykkeleg forbrukar?
Eg har nok sett deg, der du sit i klasserommet sveisen og fin, du klarer ikkje å skjule kor stolt du er av iPhonen din med dei siste appane. iPhonen som du nonsjalant legg i lomma på den nye jakka du var ein av dei første som kjøpte då han kom i butikken. Taparane kjøpte ho på utsalet i haust, tenkjer du og leiter etter nye modellar i nettbutikken - i skjul for falkeblikket til læraren din.

Du gler deg til å få vist fram dei nye twin-tipskia dine i bakkane på Hovden til vinteren, og ikkje minst gler du deg til å strene rundt i varmestova og sjarmere kjente og ukjente med Oakleybrillane dine solid plassert i bakpanna.

Er du lykkeleg og nøgd med deg sjølv som ein del av forbrukarsamfunnet?



Frå http://www.thegiant.no/ (21.09.11)

mandag 5. september 2011

Om språkleg rasisme

Du har lese innhogget til Henning Rivedal frå "Firda Tidend" 26. mars 2007. Kva er det han vil med innhogget? Kva synest du om måten han svinger øksa på?

mandag 14. mars 2011

Eg - ein nordmann (av Eirik)

Eg, ein nordmann?


Eg ventar på bussen. Ved sida av meg står ein farga gut. Håret hans er mørkt, og auga hans er sjokoladebrune. Dei stirar intenst på meg, eg stirar tilbake. Når bussen kjem, er han nesten tom. I løpet av bussturen blir det folksamt. Bak meg sit to folk som ser ut til å vere frå Sør-Korea. Ein vietnamesar sit ved sida av meg. Midt i bussen står ein god gjeng som snakkar eit språk eg ikkje har høyrt før. Er eg verkeleg i Noreg?

Folka på bussen kan umogleg kallast nordmenn. Ok, kanskje dei bur i Noreg, og kanskje dei har lært seg å snakke norsk. Sannsynlegvis snakkar dei ganske gebrokkent. Kanskje har dei norske vennar, men likevel. Sjå på dei då! Dei kan jo umogleg kallast nordmenn, sjølv om det står i passet deira at dei er norske statsborgarar. Og kva med foreldra deira? Sannsynlegvis kan foreldra ikkje eit einaste ord på norsk. Nei, desse folka på bussen kan ikkje kallast nordmenn.

Men eg er absolutt nordmann. Eg har norske foreldre, eg snakkar norsk, og eg har budd i Noreg heile livet. Eg har blå auge, lyst hår, og er lys i huda. Meir norsk kan ein ikkje få det. Forresten vaks mora mi opp i USA, men ho flytta til Noreg då ho var 7 år, så det tel jo ikkje, ikkje eigentleg. Bestemora mi er irsk, men det er jo mora til mora mi. Det tel jo ikkje det heller. Når eg tenkjer meg om har pappa svenske anar, men svenskar er jo nesten nordmenn då. Ja, eg er absolutt nordmann. Nordmann tvers igjennom…


 

fredag 11. mars 2011

Eg - ein nordmann? (av Kristine)


Eg er ein nordmann. Eg er fødd og oppvaksen i Noreg, snakkar norsk og kan til og med uttale kj-lyden riktig. Eg gjeng i norsk skule og har berre norske vennar(nesten). Eg har blå auge og naturleg blondt hår(farga brunt). Spør du meg om eg har det fint svarar eg ikkje: «si» eller «oui» eller «yes». Eg svarar «ja».

Mamma, pappa og heile resten av familien min er norske. Vi spiser ribbe på julaftan og opnar gåver etterpå. Vi spiser is på 17. mai, vi gjeng i tog og kjøper heliumballongar. Vi reiser på fjellet og gjeng på ski i påskeferien. Kva er vel meir norskt enn det?

Når eg er ute og gjeng i gatene i byen vert eg ikkje engsteleg. Eg trur ikkje at noen vil slå meg ned. Eg trur ikkje at noen vil forsøke å stjele veska mi eller stikke meg med kniv. Eg har det heilt trygt kor enn eg går. Eg er norsk.

Eg treng ikkje bekymre meg for krig. Eg treng ikkje vere redd for at eg skal bli forfulgt på grunn av trua mi. Eg treng ikkje frykte for livet mitt. Eg bur i eit land med fred og demokrati. Eg får gratis pleie om eg vert syk og eg vil verte tatt hand om når eg vert gammel. Eg vil kunne fullføre utdanninga mi utan problem og flytte inn i eit kvitt hus med mann og 1,98 barn. Eg kan ta det heilt med ro. Eg er norsk.

Av Kristine Brekke

lørdag 1. januar 2011

Ein song om kjærleik...

Skriv ein song (sjølvsagt på upåklageleg nynorsk) der temaet er kjærleik. Du avgjer sjølv kor mange strofer og verselinjer du vil ha med. La deg inspirere av songen "Fly me to the Moon".

Klassen skal kåre den beste songen, og premien blir sjølvsagt eit geléhjarta!